Passar
Passar er ein enkel reiskap som blir brukt for å teikne sirklar og sirkelbogar og for å mæle og avsetje avstandar.
Konstruksjon og bruk
[endre | endre wikiteksten]Ein passar er vanlegvis laga av metall, men kan òg vere av tre eller plast. Instrumentet består av to rette bein eller stenger som er spisse i den nedste enden og festet saman i eit bevegeleg ledd øvst. Den eine spissen er vanlegvis utstyrt med ein blyant eller penn for å kunne setje av ein strek. Når ein skal slå ein sirkel med ein passar, set ein beinet med den spisse enden i sentrum av sirkelen, trekkjer ut det andre beinet i passande radius og dreier det i ein ring omkring spissen i midten.
Passar brukast særleg som teiknereiskap i geometri og teknisk teikning, til dømes innan arkitektur, ingeniørkunst og konstruksjonar, men òg som hjelpemiddel i navigasjon og kartografi og dessutan som verktøy i tradisjonelt murarhandverk.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Ordet passar kjem frå tysk og er danna av passe i tydinga «avpasse eller avmåle» etter den franske instrumentnamnet compas som kjem frå mellomalderlatin compassus som tyder «omkrins». Passar kunne på dansk òg syne til det «gaffelformede viserapparat på en skålvægt».
I gammal landmåling vart ein passar med lengd på 3 1/2 alen brukt til å mæle opp åkrar og liknande. Instrumentetui med passar, rissefjær og liknande teiknereiskap vart tidlegare ofte kalla sirkelbestikk eller berre bestikk.
-
Miniatyrmåleri frå eit illuminert manuskript frå mellomalderen der passaren som kartinstrument og konstruksjonsverktøy blir brukt som symbol for Guds skapargjerning.
-
Merket til frimurarane består av ein passar og vinkelhake, symbol for lauget sitt tradisjonelle murararbeid. «G» står for geometri.
-
I Riksvåpenet til Den tyske demokratiske republikken symboliserte æreskransen av rugkorn bondestanden, hammaren arbeiderklassen og passaren dei intellektuelle eller andsarbeidarane (pedagogar, teknikarar og ingeniørar).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Passer» frå Wikipedia på bokmål, den 16. januar 2012.