Penélope Cruz
Penélope Cruz Sánchez (fødd 28. april 1974) er ein spansk skodespelar. Cruz er den første spanske skodespelaren som har vorte nominert til Oscar for «beste kvinnelege hovudrolle» i Pedro Almodóvar-filmen Volver under den 79. Oscar-utdelinga. I 2009 vart ho igjen nominert til Oscar for birolla si i Vicky Cristina Barcelona, og denne gongen vann ho prisen.
I 2006 spelte Cruz ei av hovudrollene i den norskregisserte filmen Bandidas.
I 2008 spelte ho i musikalen Nine saman med Oscar-vinnarane Daniel Day-Lewis, Marion Cotillard, Nicole Kidman, Judi Dench og Sophia Loren med Oscar-nominerte Kate Hudson og Grammy Award-vinnaren «Fergie» i biroller. Filmen hadde premiere i november 2009.[1]
Cruz vart saman med Javier Bardem i 2007. Paret gifta seg på Bahamas hos ein ven i juli 2010 og fekk det første barnet sitt den 22. januar 2011.
Filmografi (utval)
[endre | endre wikiteksten]År | Norsk tittel | Original tittel | Rolle |
2011 | Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides | Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides | Angelica |
2009 | Nine | Nine | Carla Albanase |
2008 | Vicky Cristina Barcelona | Vicky Cristina Barcelona | María Elena |
2006 | Å vende tilbake | Volver | Raimunda (Oscar-nonminert) |
2006 | Bandidas | Bandidas | Maria Alvarez |
2005 | Sahara | Sahara | Eva Rojas |
2004 | Noel | Nina Vasquez | |
2003 | Gothika | Gjenferd | |
2001 | Vanilla Sky | Vanilla Sky | Sofia Serrano |
2001 | Blow | Blow | Mirtha Jung |
2000 | All the Pretty Horses | Luisa | |
2000 | Woman on Top | Isabella Oliveira | |
1999 | Alt om min mor | Todo sobre mi madre | |
1992 | Skinke, skinke | Jamón, jamón | Silvia |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Penélope Cruz» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2021.