Peter Šťastný
Peter Šťastný | |
Statsborgarskap | Slovakia |
Fødd | 18. september 1956 (68 år) Bratislava |
Idrett | ishockey |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1980 |
Utmerkingar | Rad Ľudovíta Štúra I. triedy, Årets slovakiske hockeyspiller, Calder Memorial Trophy, Quebec Sports Hall of Fame, Hockey Hall of Fame, Cross of the President of the Slovak Republic, 1st Class |
Peter Šťastný (fødd 18. september 1956) er ein slovakisk tidlegare ishockeyspelar og politikar frå Bratislava. Han var verdsmeister i ishockey i 1976 og 1977 med Tsjekkoslovakia. Perioden 2004-14 var han medlem i europaparlamentet.
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Šťastný spelte 1975-80 på Slovan Bratislava, der han i 1979 vart tsjekkoslovakisk meister, einaste pokalen han vann som klubbspelar. Frå 1980 var han aktiv i National Hockey League i Nord-Amerika, fyrst med Quebec Nordiques til 1989, deretter 1990-93 i New Jersey Devils. Han avslutta 1993-95 med St. Louis Blues.
Šťastný vann VM-gull med Tsjekkoslovakia sitt landslag i ishockey i 1976 og i 1977. Sidan deltok han i VM 1978 og 1979 og i Vinter-OL 1980 i Lake Placid. Under Vinter-OL 1994 på Lillehammer representerte han Slovakia, og året etter var han med det slovakiske landslaget som vann B-VM i ishockey.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]I 2004 vart Šťastný vald til å representere Slovakia og kristelegdemokratane (SDKU) ved europaparlamentet, attvald i 2009.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Peter Šťastný» frå Wikipedia på tysk, den 13. november 2019.