Piteraq
Piteraq (grønlandsk for ‘noko som gjer overfall’) er ein kald og valdsam katabatisk vind på Grønland som har opphavet sitt på grønlandsisen og som driv nedover mot austkysten. Han oppstår som regel når det hopar seg opp kald luft på innlandsisen som plutseleg blæs ned over kystområda.[1] Lufta stammar typisk frå Canada og blir kanalisert av isen mot Aust-Grønland, typisk mot den breie bukta sør for Tasiilaq. [2]
Piteraq-vindane er mest vanleg om hausten og vinteren. Vindsnøggleiken kan typisk nå 50 til 80 m/s, langt over grensa for orkan styrke, og kan oppstå svært plutseleg. 6. februar 1970 vart Tasiilaq hardt råka av ein særs kraftig piteraq som førte til stor skade. Sidan byrjinga av 1970-åra har Det danske meteorologiske instituttet sendt ut piteraqvarsel.
Sommarpiteraqar kan også vera alvorlege. I august 2010 blei ei gruppe kajakkroarar overraska av ein i fjordsystemet ved Scoresbysund.[3]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Piteraq». dmi.dk. DMI. 8. januar 2019. Henta 7. februar 2021.
- ↑ Danish Meteorological Institute, The Observed Climate of Greenland, 1958–99, s. 96
- ↑ Karen Nielsen (11. august 2010). «Fly eftersøger kajakroere i Grønland». dr.dk.
- Denne artikkelen bygger på «Piteraq» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: