Provinsar i Nederland
Provinsar i Nederland er ei administrativ eining mellom det nasjonale styret og dei lokale kommunane, tilsvarande dei norske fylka. Styret av kvar provins består av tre delar. Provinciale Staten er det provinsielle parlamentet som vert vald for fire år. Av desse vert så medlemmer til Gedeputeerde Staten vald, ei samling som stort sett tar seg av styringsprogrammet. Leiaren er Commissaris van de Koningin eller kongeleg kommisjonær som vert peikt ut av krona.
Inndeling
[endre | endre wikiteksten]Det moderne Nederland er delt inn i tolv provinsar (provincies på nederlandsk).
Dei tolv provinsane og hovudstadane i desse er:
Provins | Hovudstad |
---|---|
Drenthe | Assen |
Flevoland | Lelystad |
Friesland (Fryslân) | Leeuwarden |
Gelderland | Arnhem |
Groningen | Groningen |
Limburg | Maastricht |
Noord-Brabant | 's-Hertogenbosch (òg uoffisielt forkorta til Den Bosch) |
Noord-Holland | Haarlem |
Overijssel | Zwolle |
Zuid-Holland | Den Haag (òg kalla 's-Gravenhage) |
Utrecht | Utrecht |
Zeeland | Middelburg |
Historisk bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Nesten alle dei nederlandske provinsane kan sporast tilbake til ein mellomalderstat, som eit grevskap eller eit hertugdøme. Statusen deira endra seg då dei kom under ein herskar som sentraliserte administrasjonen av dei, og stundom vart dei separate statane henvist til provinsar, totalt var det 17 av dei. Av desse sameinte Nederlanda vart dei sju nordlege provinsane samla til Dei sameinte Nederlanda på 1600-talet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Innbyggjartal og areal
- Grunnleggjande data for kvar provins Arkivert 2008-10-17 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Provinces of the Netherlands» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2008.