Psycho
Psycho Song av Muse frå albumet Drones | ||
Land | England | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 12. mars 2015 | |
Innspelt | The Warehouse Studio | |
Sjanger | Hard rock | |
Lengd | 5:16 (Album versjon), 5:29 (Singel versjon) | |
Selskap | Warner Bros., Helium-3 | |
Låtskrivar(ar) | Matthew Bellamy | |
---|---|---|
Produsent | Robert John «Mutt» Lange, Muse |
«Psycho» er ein song av det britiske alternativ rockebandet Muse frå det sjuande studioalbumet deira Drones, utgjeve den 12. mars 2015 som ein marknadsførande singel.[3]
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Songen sin hovud riff har blitt brukt på fleire live-framsyningar opp gjennom åra Muse har opptredd. Den blei skildra av NME som ein riff «utvikla i laupet av seksten år».[4] Den var mest kjend for å ha blitt brukt mellom «Stockholm syndrom» og «Take a Bow» i livealbumet HAARP.
Matthew Bellamy refererte til songen sin eksplisitte tekst som «for støytande for radio» då han svarte på eit spørsmål frå ein fan på Twitter-kontoen sin.[5]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Matthew Bellamy annonserte songen den 28. februar 2015 på Twitter-kontoen sin, saman med ein link til ein artikkel om hjernevasking som det seinare blei stadfesta at var relatert til songen.[6] Den 8. mars 2015 lasta Muse opp eit kort klipp av at dei mixa sporet på Instagram-kontoen sin.[7] Fire dagar seinare blei «Psycho» utgjeve som eit pre-order bonusspor saman med kunngjeringa av albumet.[8] Den same dagen blei ein lyrisk video for songen utgjeve på bandet sin offisielle YouTube-kanal.[9]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Musikkmagasinet NME skildra songen som ein «back-to-basics», «rå» og «direkte» song med ein «skarp riff». Dei meinte at songen er «meir jordnær og menneskeleg» enn «den utenomjordiske science-fiction-atmosfæren som har blitt typisk for trioen». Dei påstod at «Muse ser ut til å blitt strammare, meir direkte og raseri-drivne i forhold til det førre albumet deira». Dei priste Bellamy sin vokale levering og sa at «sinne er meir direkte enn nokon gong». Dei spekulerte om sporet si tilknyting til Bellamy sitt privatliv, og meinte at tekst som «Love, it will get you nowhere» («kjærleik, det vil ikkje føre deg nokon stad»), utan tvil ville få nokon fans til å lure på korleis brotet hans med partnaren Kate Hudson kan ha påverka han medan han produserte songen.
Lyrisk video
[endre | endre wikiteksten]I fylgje bandet sin videoregissør Tom Kirk er det visuelle konseptet til den lyriske video til «Psycho» påverka av Brice Frillici sitt SEKDEK-prosjekt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen bygger på «Psycho (Muse song)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2015.
- ↑ «"MUSE ARE FINISH WITH THE FIRST SESSION OF THE NEW ALBUM!".» (på engelsk). Matter of Sound. 19.october 2014. Henta 7.oktober 2015.
- ↑ «"TRACK REVIEW: "Psycho" by Muse". The vocals sound eerily familiar in the bulk of the song when compared to previous hits, such as Uprising (possibly the bands biggest hit, and most well-renowned song); however, the instrumentals on this track are of a heavier rock sound than Muse has gone to before.» (på engelsk). Hawk, Jesse. B-Sides.tv. 18. mars 2015). Henta 7.oktober 2015.
- ↑ «"Muse - Psycho [Official Lyric Video]".» (på engelsk). YouTube. 12.mars 2015. Henta 7.oktober 2015.
- ↑ «"Muse 'Psycho' Track Review: Matt Bellamy And Co Supercharge A 16-Year-Old Riff For Back-To-Basics New Sound".» (på engelsk). NME. 12. mars 2015. Henta 7.oktober 2015.
- ↑ «"Matthew Bellamy Tweet".» (på engelsk). Twitter. 2. mars 2015. Henta 7.oktober 2015.
- ↑ «"Matthew Bellamy Tweet".» (på engelsk). Twitter. 28. februar 2015. Henta 7.oktober 2015.
- ↑ «"Muse Instagram Video".» (på engelsk). Instagram. 8. mars 2015. Henta 7.oktober 2015.
- ↑ «"iTunes accidentally reveal new Muse album pre-order info".» (på engelsk). NME. 11. mars 2015. Henta 7.oktober 2015.
- ↑ «"Muse - Psycho [Official Lyric Video]".» (på engelsk). YouTube. 12.mars 2015. Henta 7.oktober 2015.