(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Rage in Eden – Wikipedia Hopp til innhald

Rage in Eden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rage in Eden
Studioalbum av Ultravox
Utgjeve 11. september 1981
Innspelt 1981
Studio Conny's Studio in Cologne, West Tyskland
Sjanger
Lengd 45:34
Selskap Chrysalis
Produsent
Ultravox-kronologi 
Vienna
(1980)
Rage in Eden Quartet
(1982)


Singlar frå Rage in Eden
  1. «The Thin Wall»
    Utgjeve: 14. august 1981
  2. «The Voice»
    Utgjeve: 29. oktober 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Release Magazine9/10 stars[2]
Smash Hits5/10 stars[3]

Rage in Eden er det femte studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox. Det kom ut i 1981 på Chrysalis. Albumet nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista og selde til gullplate i Storbritannia for meir enn hundre tusen selde eksemplar.

Musikkstilen på albumet er den same elektroniske new wave-stilen som bandet utvikla på dei to førre albuma, Systems of Romance og Vienna, men har ein meir kompleks og introspektiv stil. Albumet inneheld fleire lengre spor og dei siste tre spora heng saman i ein einaste lang sekvens. Tekstane består av mange obskure og surrealistiske bilete. Refrenget på tittelsporet «Rage in Eden» er refrenget på «I Remember (Death in the Afternoon)» spelt baklengs.[4][5]

Som på dei to førre albuma deira, vart Rage in Eden samprodusert av Conny Plank. Det vart spelt inn i studioet hans i Köln i Vest-Tyskland. Det abstrakte plateomslaget vart designa av Peter Saville, som var kjend for samarbeidet sitt med New Order. Alle nyutgjevingane av albumet sidan 1981 har eit anna plateomslaget, på grunn av lisensproblem med det originale omslaget.

Ei ommastra utgåve kom ut 22. september 2008, med ei ekstra plate med sjeldne og tidlegare ikkje-utgjevne materiale. I tillegg til dette er det originale omslaget nytta.

«The Thin Wall» og «The Voice» vart gjevne ut på singlar frå albumet.

Alle songar er skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Voice»6:01
2.«We Stand Alone»5:39
3.«Rage in Eden»4:12
4.«I Remember (Death in the Afternoon)»4:57
Side to
Nr.TittelLengd
5.«The Thin Wall»5:39
6.«Stranger Within»7:26
7.«Accent on Youth»5:57
8.«The Ascent»1:10
9.«Your Name (Has Slipped My Mind Again)»4:29
Bonusspor på 2000-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«I Never Wanted to Begin»3:31
11.«Paths and Angles»4:19
12.«I Never Wanted to Begin» (lengre versjon)6:17
Plate to av luksusutgåva frå 2008
Nr.TittelLengd
1.«I Never Wanted to Begin» (B-side til «The Thin Wall»)3:31
2.«Paths and Angles» (B-side til «The Voice»)4:19
3.«I Never Wanted to Begin» (lengre versjon)6:17
4.«Private Lives» (live i Crystal Palace, 13. juni 1981, B-side til 12"-utgåva av «The Voice»)4:51
5.«All Stood Still» (live i Crystal Palace, 13. juni 1981, B-side til 12"-utgåva av «The Voice».)4:19
6.«I Remember (Death in the Afternoon)» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.)5:47
7.«Stranger Within» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.)8:02
8.«Rage in Eden» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.)4:26
9.«Accent on Youth» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.)4:45
10.«The Ascent» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.)2:27
11.«Your Name (Has Slipped My Mind Again)» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.)4:45
12.«Stranger Within» (Work in Progress Mix)7:11
13.«The Thin Wall» (Work in Progress Mix)5:16


Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste Plassering
UK 4
Australia[6] 20
Sverige 5
Noreg 20
Tyskland 48
USA 144

Singlar

År Singel Liste Plassering
1981 «The Thin Wall» UK Singles Chart 14
«The Voice» UK Singles Chart 16

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
New Zealand (RMNZ)[7] Gull 7 500^
Storbritannia (BPI)[8] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Ultravox
  • Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, vokal, (solovokal på «Paths and Angles»)
  • Chris Cross – bass, synthesizer, vokal, (gitar på «Paths and Angles»)
  • Billy Currie – synthesizer, piano, fiolin, bratsj
  • Midge Ure – solovokal, gitar, synthesizer (utanom «Paths and Angles»)
Andre medverkande
  1. Thompson, Dave. Rage in EdenAllmusic
  2. Eliasson, Tobias (6. november 2008). «Ultravox: Rage in Eden». Release Magazine. Henta 20. desember 2013. 
  3. Black, Johnny (19. september 1981). «Album Reviews (Ultravox - «Rage In Eden»)». Smash Hits (EMAP Metro) 3 (19): 29. 
  4. Ultravox Rage in Eden Diffuser.fm
  5. Rage in Eden TV Tropes
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. «New Zealand album salstrofé – Ultravox – rage In Eden». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 5. september 2020. 
  8. «British album salstrofé – Ultravox – Rage In Eden». British Phonographic Industry. Henta 5. september 2020.  Enter Rage In Eden in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go