Raphael Holzdeppe
Raphael Holzdeppe | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 28. september 1989 (34 år) Kaiserslautern |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Raphael Marcel Holzdeppe (fødd 28. september 1989) er ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Kaiserslautern, som tevlar i stavhopp. Han vann gullmedaljen i øvinga under VM i friidrett 2013 i Moskva og tok sølvmedaljen i VM 2015.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Holzdeppe vart nummer tre i stavhopp ved EM i friidrett 2012 i Helsinki. Vel ein månad seinare fekk han ein ny bronsemedalje under dei olympiske leikane i London.
I 2013 vart Holzdeppe verdsmeister i stavhopp med 5,89 meter, ei høgde han klarde i fyrste forsøk. Renaud Lavillenie som nådde same høgda trong tre forsøk. Ved den neste verdsmeisterskapen, VM i friidrett 2015 i Beijing, gjekk Holzdeppe over 5,90 m, det same som vinnaren Shawnecy Barber. Men sidan kanadiaren Barber smaug seg over lista i sitt fyrste forsøk, vann han gullmedaljen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Raphael Holzdeppe» frå Wikipedia på tysk, den 30. august 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1989
- Tyske stavhopparar
- Verdsmeistrar i friidrett for Tyskland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland
- Tyske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Tyske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Tyske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016