Rasmus Leganger
Utsjånad
Rasmus Leganger | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. desember 1776 Eigersund kommune |
Død |
12. april 1841 (64 år) |
Yrke | politikar, trelasthandlar |
Språk | norsk |
Rasmus Abildgaard Leganger (20. desember 1776–12. april 1841) var ein norsk trelasthandlar i Fredrikshald. Georg Leganger var sonen hans, Henrik Leganger bror hans.
Leganger var son av ein skipper og handelsmann i Eigersund. Sjølv slo han seg i siste del av 1790-åra ned i Halden, der han sidan dreiv sagbruk og handel med trelast.
I 1833 representerte Leganger Fredrikshald på Stortinget. Han var medlem av Lagtinget, av tollkomiteen og av komiteen om kjøpstadskatten.
Leganger døydde i Halden i 1841.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Rasmus Leganger NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv