(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Rekhasim – Wikipedia Hopp til innhald

Rekhasim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rekhasim
lokal kommune
Namneopphav: Fjellkjeder
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°44′55.78″N 35°6′2.89″E / 32.7488278°N 35.1008028°E / 32.7488278; 35.1008028
Areal 2,86 km²
Folketal 9 200  (2009)[1]
Folketettleik 3 217 / km²
Grunnlagd 1951
 •  Bystatus 1959
Kart
Rekhasim
32°44′56″N 35°06′03″E / 32.748827777778°N 35.100802777778°E / 32.748827777778; 35.100802777778
Kart som viser Rekhasim.
Kart som viser Rekhasim.
Kart som viser Rekhasim.
Wikimedia Commons: Rekhasim

Rekhasim (hebraisk skrift רְכָסִים) er ein by (lokal kommune) i Haifa distrikt i Israel. Han ligg mellom Kiryat Tiv'on, Kiryat Ata og Nesher, ved hovudveg 70, 75 og 762.

Det er estimert at folketalet mot slutten av 2009 var 9 200.[1]

Han er kalla opp etter eit vers i Jesaja (Jesaja 40:4), fordi byen ligg på fire åsryggar. Han vart grunnlagd i 1951 av tidlegare soldatar og innbyggjarar frå nærliggande ma'abarot.[2]

Rekhasim ligg på fire åsar nær Karmelberget, avmerkt med hebraiske bokstavar (Hill Alef, Bet, Gimel og Dalet). Han grensar til to landsbyar i Zvulun regionale kommune: den jødiske Kfar Hasidim og den arabiske Ibtin.

Det lågaste punktet er 19,8 meter over havet, og det høgaste er 193,6 moh. Middeltemperaturen i januar er 11 ºC og 27 ºC i august. Årsmiddelnedbøren er 650 mm.[3]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  2. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 868. ISBN 965-448-413-7. 
  3. «Local Authorities in Israel 2005, Publication #1295 - Municipality Profiles - Rekhasim» (PDF) (på hebraisk). Israel Central Bureau of Statistics. Henta 16. februar 2008.