(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Revsnes ferjekai i Lærdal – Wikipedia Hopp til innhald

Revsnes ferjekai i Lærdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Revsnes (fleirtyding).
Revsnes ferjekai i Lærdal
KategoriFerjekai
UnderkategoriDobbel kai, forskyvd parallell.
Opna1966
Som del avEuropaveg 68 Revsnes ferjekai i Lærdal 53 Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
StadRevsnes
KommuneLærdal
FylkeVestland
Overtok forLærdal ferjekai
Nedlagd1995
Erstatta avLærdal ferjekai
Kart
Revsnes ferjekai
61°08′48″N 7°14′54″E / 61.146779100207°N 7.2483151558033°E / 61.146779100207; 7.2483151558033

Revsnes ferjekai var eit ferjeanlegg på Revsnes, midtvegs langs fjorden mellom Lærdalsøyri og Frønningen i Lærdal kommune i Vestland, og inngjekk i dåverande Europaveg 68 med ferjesambandet Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen.

Kaianlegget og den 14 kilometer lange vegen hit frå Lærdalsøyri vart bygd for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen. Med dette vart sambanda lagde opp på nytt og Revsnes tok over trafikken frå Lærdal ferjekai (Habben) for alle samband frå 1966. Likevel måtte Habben brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger.

I 1995 opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Lærdal, og med dette Fodnestunnelen til Fodnes ferjekai og det nye ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Med dette vart Revsnes ferjekai lagd ned, medan Habben nok ein gong vart nytta av stamvegferja til Gudvangen for å ta unna europavegtrafikken fram til opninga av Lærdalstunnelen i 2000.

I dag er vegen mellom Vindedal og Revsnes klassifisert som privat veg, men må reknast som rasfarleg og uframkomeleg. Revsnes ferjekai er framleis intakt, men ferjelemmane er borte.

Liste over samband med stopp på Revsnes ferjekai:

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]