Rhône
Rhône | |||
elv | |||
Rhône frå Valais til Genfersjøen
| |||
Land | Sveits, Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 98 000 km² | ||
Lengd | 813 km | ||
Areal | 54 km² | ||
Vassføring | |||
• middel | 1 710 m³/s | ||
• maks | 13 000 m³/s | ||
• min | 360 m³/s | ||
Kjelde | Rhônebreen | ||
Munning | Middelhavet | ||
- koordinatar | 43°19′51″N 4°50′44″E / 43.33083°N 4.84556°E | ||
Rhône 46°34′27″N 8°22′49″E / 46.5742°N 8.3804°E | |||
Nedslagsfeltet til Rhône
| |||
Wikimedia Commons: Rhône River |
Rhône er ei av dei store elvene i Europa, som renn gjennom Sveits og Frankrike. Elva har ei lengd på 812 km, der 231 km av ho renn i Sveits, medan 581 km er i Frankrike.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Rhône (fransk) er kjend som Ròse på oksitansk, Rôno på frankoprovençalsk, Rhone på standard tysk og Rotten på Valais-tysk.
Ordet «Rhône» kjem av det latinske ordet Rhodanus, som igjen kjem av det greske ordet οδανός (Rhodanos), og dette er igjen ei gresk utgåve av det galliske (keltiske) namnet på elva. Grekarane høyrde dette namnet då dei hadde ein koloni i Massalia (Marseille). Det keltiske namnet på elva, som er noko slik som Rodo eller Roto og tyder «ho som rullar» eller «ho som renn», er eit mykje brukt namn på elver i gamalt keltisk språk. Dette var òg namnet på den lågare delen av elva Seinen, i tillegg til fleire andre elver i vestlege område av Europa. Dette keltiske namnet kjem frå den urindoeuropeiske rota *ret- («å renne, rulle»), som gav ordet rota («hjul») på latin, som er opphavet til ordet «rotere» og «rulle».
Enkelte hevdar at rota rot- eller rod- som ein finn i namnet «Rhône» og fleire andre elver i Europa, og som ser ut til å ha hatt tydinga «elv», eigentleg er pre-indoeuropeisk. Då vil det berre vere tilfeldig at det liknar det proto-keltiske verbet reto («å renne»).
Elveleie
[endre | endre wikiteksten]Elva har utspring frå Rhônebreen i Valais i Sveits, i Saint-Gotthard-massivet i ei høgd på 1 753 m. Opp til Martigny i Sveits, er Rhône strid, og vert så ei stor fjellelv som renn sørvestover gjennom ein bredal. Så snur ho nordvestover og går ut frå Alpane og strøymer gjennom Genfersjøen, før ho går inn i Frankrike. I løpet av eit år renn det i snitt 570 m³/s[1] frå Genfersjøen.
Elva Saône renn inn i Rhône ved Lyon, før dei går sørover. Andre elver som renn ut i Rhône er Cevennane-elvene Eyrieux, Ardèche, Cèze og Gardon på høgresida, og Isère, Drôme, Ouvèze og Durance på Alpesida.
Ved Arles deler Rhône seg i to delar, og dannar elvedeltaet Camargue, der alle delane renn ut i Middelhavet. Ein arm vert kalla «Grand Rhône», og den andre «Petit Rhône». I året strøymer det i snitt ut 2300 m³/s ved Arles[2].
Transport
[endre | endre wikiteksten]Før ein hadde jarnbanar og bilvegar, var Rhône ei viktig transportåre i dei indre områda og knytte saman dei tidlege tekstil- og handelsbyane Arles, Avignon, Valence, Vienne og Lyon med Middelhavsbyane Fos, Marseille and Sète. Elva Saône knyter byar som Villefranche, Macon og Chalons til Rhône. Mindre fartøy kan reise lenger nordvest, nord og nordaust, via Centre-Loire-Briare- og Loing-kanalane til elva Seine, via Canal de la Marne à la Saône til elva Marne, via Canal des Vosges til elva Moselle og via Canal du Rhône au Rhin til elva Rhinen.
Rhône er kjend for sine strie straumar når elva er stor, og stundom kan ein få ein straumfart på opp til 10 km/t.
Byar langs Rhône
[endre | endre wikiteksten]Sveits
[endre | endre wikiteksten]- Brig
- Visp
- Sion i Sveits
- sjå Genfersjøen for byar rundt innsjøen.
- Genève
Frankrike
[endre | endre wikiteksten]- Lyon
- Vienne
- Tournon-sur-Rhône
- Valence
- Montélimar
- Viviers
- Bourg-Saint-Andéol
- Pont-Saint-Esprit
- Roquemaure
- Avignon
- Beaucaire
- Vallabrègues
- Arles
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ The Rhône River: Hydromorphological and ecological rehabilitation of a heavily man-used hydrosystem (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 7. mars 2008, henta 27. januar 2007
- ↑ The Rhône River: Hydromorphological and ecological rehabilitation of a heavily man-used hydrosystem (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 7. mars 2008, henta 27. januar 2007
- Denne artikkelen bygger på «Rhône» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Vassvegar i Frankrike
- Ei demning i Rhône Arkivert 2008-05-26 ved Wayback Machine.