Romersk mil
Utsjånad
Romersk mil er ei lengdeeining på om lag 1 479 meter. 1000 dobbeltsteg for marsjerande soldatar utgjorde ei romersk mil. Romermila vart måla etter tusen steg med venstrefoten.[1] På latin kalla ein mila mille passus, tusen steg, i fleirtal milia passuum.
Ofte vart det stilt opp steinar på romarvegane ved kvar romersk mil frå Roma. Dei var innskrivne med romartal som viste kor mange mil det var til Forum Romanum i sentrum av Roma.[2] Steinane vart kalla milepålar (latin milliarium). Mila og milepelane blei spreidde utover heile Europa, og er mellom anna opphavet til dagens norske mil.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bassett, David R.; Mahar, Matthew T.; Rowe, David A.; Morrow, James R. (2008). «Walking and Measurement». Medicine & Science in Sports & Exercise (på engelsk) 40 (7): S529–S536. ISSN 0195-9131. doi:10.1249/MSS.0b013e31817c699c.
- ↑ Lesley Adkins; Roy A. Adkins; Both Professional Archaeologists Roy A Adkins (14 May 2014). Handbook to Life in Ancient Rome. Infobase Publishing. s. 199–. ISBN 978-0-8160-7482-2.