Romsdals amt
Romsdals amt var frå 1662 og fram til 1919 namnet på det som i dag er Møre og Romsdal fylke. Amtet var administrert frå Molde, der dei fleste amtmennene òg var busette. I 1919 skifta amtet namn; først til Møre fylke, og seinare att til Møre og Romsdal fylke.
Histori
[endre | endre wikiteksten]Romsdals amt var opphavleg sett saman av dei to futedømma Nordmørs futedømme, som før hadde ligge under Trondhjems len og Romsdals futedømme, som var ei direkte vidareføringa av Romsdals len. Frå 1671 til 1675 låg òg Sønnmørs futedømme under Romsdals Amt, men frå 1675 til 1678 var Sunnmørs fogderi og Nordfjords futedømme eit eige amt, Sønnmørs og Nordfjord amt, under amtmann Christian Lindenow. I 1679 vart Sønnmøre og Nordfjord innlemma i Bergenhus stiftsamt; i 1689 vart Sunnmørs fogderi atter lagt under Romsdals amt, men framleis tilhørande Bergenhus stiftsamt.
Amtmenn
[endre | endre wikiteksten]- 1671–1675 Christian von Lindenow
- 1675–1677 Fredrik Offenberg
- 1680–1681 Daniel Knoff
- 1680–1691 Jonas Lilienskiold
- 1691–1700 Iver von Ahnen
- 1702–1703 Hans Lilienskiold
- 1704–1719 Hans Hanssen Nobel
- 1720–1729 Erich Must
- 1729–1731 Michael Worm
- 1731–1742 Christian Solgaard
- 1742–1751 Christian Ulrich Tønder
- 1751–1760 Andreas Fjeldsted
- 1760–1773 Niels Krog Collin
- 1773–1800 Even Hammer
- 1800–1811 Ole Hannibal Sommerfeldt
- 1811–1840 Hilmar Meincke Krohg
- 1840–1853 Gulbrand Thesen
- 1853–1892 Nils Weyer Arveschoug
- 1892–1902 Ludvig Arnoldus Leth
- 1902–1906 Alexander Kielland
- 1906–1913 Birger Kildal
- 1914–1918 Oddmund Vik
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Amtmennene i Romsdal» av Per Gjendem.
- Romsdal sogelag: kjeldeskrift Arkivert 2005-09-20 ved Wayback Machine.
- Stiftamtmenn, amtmenn og fylkesmenn 1814-1994 - regjeringa.no