Rutensk
Utsjånad
Rutensk (руськъ, rusǐkǔ) | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Slavisk Austslavisk Rutensk | |
Bruk | ||
Utdøydd: | Utvikla seg til kviterussisk, rusinsk og ukrainsk. | |
Språkkodar |
Rutensk var eit austslavisk språk som blei tala i Storfyrstedømet Litauen og seinare i dei austslaviske områda i den polsk-litauiske realunionen. Det utvikla seg til moderne kviterussisk, ukrainsk og rusinsk. Desse blir kalla rutenske språk.
Andre namn
[endre | endre wikiteksten]I moderne tekstar kan rutensk bli omtalt som «gammalkviterussisk» (Старабеларуская мова, Starabelaruskaja mova) og «gammalukrainsk» (ukrainsk Староукраїнська мова, Staroukraіnska mova). Rutensk var daglegspråk i Kievriket, der det offisielle språket var kyrkjeslavisk. Rutensk blei og blir ofte kalla проста (я) мова (prosta (ja) mova, 'enkelt språk'. Samtidige kjelder skil berre sjeldan mellom målføret i Storfyrstedømet Litauen og det i Fyrstedømet Vladimir.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rutensk» frå Wikipedia på bokmål, og «Rutensk (sprog)» frå Wikipedia på dansk den 5. oktober 2021.