(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Ryan Giggs – Wikipedia Hopp til innhald

Ryan Giggs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryan Giggs
Personleg informasjon
Fullt namn Ryan Joseph WilsonRyan Joseph Giggs
Fødd 29. november 1973 (50 år)
Fødestad Cardiff
Høgd 179 cm
Posisjon Venstre midtbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester United
Nummer 11
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1991- Manchester United 672 (114)
Landslag
1989
1989
1990
1991-2007
2012-
England U16
Wales Wales U18
Wales Wales U21
Wales Wales
Storbritannia Storbritannia
1 (1)
3 (0)
1 (0)
64 (12)
4 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. juni 2012
‡ Landslagsmål oppdatert 20. juli 2012

Ryan Joseph Giggs (fødd 29. november 1973) er ein walisisk fotballspelar og -trenar. Han er fødd i Cardiff, flytta til Manchester då han var seks år gammal. Giggs var Manchester United-spelar i alle år, frå 1991 til 2014. I løpet av desse 23 sesongane vart han ligameister 13 gongar, vinnar av FA-pokalen fire gongar, ligacup-pokalen tre gongar og UEFA-meisterligapoklaen to gongar. Giggs er den einaste som spelte kamp i alle dei fyrste 22 sesongane av Premier League, og den einaste som skåra mål i dei fyrste 21 sesongane av same turneringa.

Farfaren hans innvandra frå Sierra Leone.

Giggs ligadebuterte mot Everton på Old Trafford 2. mars 1991. To månader seinare kom han for fyrste gong med i startoppstillinga, kvitterte med å skåre sitt aller fyrste mål og verte matchvinnar då Manchester United slo rivalen Manchester City 1-0. Frå hausten 1991 var Giggs fyrstevalet på venstrevengen. United leia ligaen store delar av sesongen, men ein serie svake resultat i april 1992 førte til at det vart Leeds United som tok heim ligatrofeet.

Giggs fekk sin fyrste pokal då United slo Nottingham Forest ligacupfinalen 12. april 1992. Brian McClair skåra kampens einaste mål, etter ei pasning frå Giggs. 1992/93-sesongen bidrog Giggs til at Manchester United vart ligameister for fyrste gong på 26 år. Saman med karar som Éric Cantona, Paul Ince og Mark Hughes var Giggs ein nøkkelspelar dei komande suksessrike åra for Manchester United. Våren 1994 vann Giggs og United den engelske ligaen for andre år i rad. I England vart han hylla som den store fotballstjerna, fanga ei interesse som kunne minne om den åtgaum George Best vekte.

Etter ein noko svakare 1994/95-sesong med berre eitt ligamål, kom Giggs tilbake i storform og spelte våren 1996 ei viktig rolle i Uniteds andre dobbel-triumf. Sigeren i ligaen vart krona med å slå Liverpool FC i FA-cupfinalen. I 1996/97-sesongen spelte han ei nøkkelrolle då United vann sin tredje ligatittel på fire sesongar. Den påfølgjande sesongen stod Giggs over mange kamper grunna skade.

På tampen av vårsesongen 1999 spelte han begge Uniteds cupfinalar. I desse to turneringane markerte han seg med to minneverdige mål i semifinalane. I ekstraomgangane av semifinalen i FA-cupen mot Arsenal FC tok Giggs kontroll på ballen, sprang deretter frå eigen banehalvdel og dribla seg forbi heile Arsenal si forsvarslinje, medrekna Tony Adams, Lee Dixon og Martin Keown, før han med venstrefoten, slo ballen tett ved stanga og utanfor målvakta si rekkevidde. Målet gav United sigeren 2–1. Også utlikninga i det 90. minutt i meisterliga-semifinalen heime mot Juventus vert hugsa av United-fansen. Høgdepunktet i 1999 var likevel då Giggs sette opp utlikningsmålet til Teddy Sheringham i meisterliga-finalen mot Bayern München.

Giggs heldt fram å utmerke seg dei neste åra. United kleiv til topps på ligatabellen i tre av dei fire neste sesongane, og nådde tre gongar kvartfinalen i meisterligaen og ein gong semifinalen. Sesongen 2002/03 sleit Giggs med dårleg form. Trass i dette spelte han ein av sine mest minneverdige kampar, i ein 3–0 siger mot Juventus. Etter å ha erstatta Diego Forlán tidleg i oppgjeret, skåra Giggs to gongar, mellom dei eit mål som vert rekna som eitt av hans beste. 22. mai 2004 vann han FA-cuppokalen for fjerde gong.

Frå 2005 viste Giggs ny betre form, han var mindre plaga av skadar. Manchester United og Giggs vann atter den engelske ligaen i 2007 og 2008. 21. mai 2008 kom Giggs på bana i det 87. minutt som erstattar for Paul Scholes i meisterliga-finalen mot Chelsea FC. Etter uavgjort 1–1 og ekstraomgangar, vann Manchester United 6-5 gjennom straffeskytinga, Giggs sette den avgjerande straffa.

Hausten 2008 vart Giggs flytta frå vengposisjonen til sentral midtbane. Våren 2009 vann Manchester United nok eit liga-trofe. Giggs spelte finalen i meisterligaen 2011, ein kamp Manchester United tapte 1–3 mot eit framifrå FC Barcelona-lag. Hausten 2011 utlikna Giggs til 1–1 i ein meisterligakamp mot Benfica i Lisboa. Dermed vart han den eldste målskåraren i turneringa og den fyrste til å skåre i 16 ulike meisterliga-turneringar. Hausten 2013 skåra Giggs mål i den 23. sesongen på rad i den engelske toppdivisjonen.

Giggs skåra fleire flotte mål. Av hans beste står skåringane mot Queens Park Rangers i 1994, Tottenham i 1994, Everton i 1995, Coventry FC i 1996, og sololøpet mot Arsenal i semifinale-omkampen FA-cupen 1999.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Giggs spelte 64 landskampar for Wales. Den fyrste fann stad i Nürnberg 16. oktober 1991, den siste heime i Cardiff 2. juni 2007. Han deltok i begge kvalifiseringskampane til VM i fotball 2002 mot Noreg. Hausten 2000 vart det uavgjort 1-1 på heimebane, i Oslo eitt år seinare vann det norske landslaget 3-2 på Ullevål stadion etter mål frå Ronny Johnsen, John Carew og Frode Johnsen. Giggs var kaptein i 18 av Wales sine landskampar, skåra 12 mål. Wales kom aldri til noko meisterskapsturnering i hans tid. Under Sommar-OL 2012 i London var Giggs kaptein på Storbritannia sitt lag som nådde å spele 4 kampar i turneringa.

  • Vinnar av Meisterligaen: 1999 og 2008 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1993, 1994, 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2007, 2008, 2009, 2011, 2013 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1994, 1996, 1999 og 2004 med Manchester United
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1992, 2004, 2009 og 2010 med Manchester United

Frå april 2014 og ut sesongen fungerte Giggs som lagsjef for Manchester United ut sesongen. Giggs var landslagssjef for Wales frå januar 2018 til juni 2022.