Ammoniumklorid
Utsjånad
(Omdirigert frå Salmiakk)
Ammoniumklorid eller salmiakk er eit salt med kjemisk formel NH4Cl, som blir brukt mellom anna i reingjeringsmiddel og søtsaker. Stoffet har e-nummer 510.
Ammoniumklorid er sett saman av ammoniumionet (NH4+) og kloridionet (Cl-). I rein form er det eit kvitt, fast stoff.