Sarod
Sarod | |||
| |||
Klassifisering | luttinstrument med rund kropp og hals spelte med plekter | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.321-6 |
Ein sarod er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Saroden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geiteskinn, og stolen står i press mellom strengene og geiteskinnslokket. Saroden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.
Sarod-liknande instrument kan sjåast i utskjeringar frå det første hundreåret av den moderne tidsrekninga i Champa-tempelet og på veggmåleri i Ajanta-grottene. Det liknar òg på rababar frå Afghanistan og Kashmir. Saroden vart endra av Amir Khusru på 1200-talet. I moderne tid har ustad Ali Akbar Khan innført endringar av instrumentforma for å betre lydkvaliteten.
Vidkjende sarodspelarar er Ali Akbar Khan, Sharan Rani og Amjad Ali Khan.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Alt» om saroden frå sarod.com
- Sharan Rani sin nettstad Arkivert 2011-04-13 ved Wayback Machine.
- Ali Akbar Khan sin nettstad Arkivert 2009-06-20 ved Wayback Machine.
- Saroden sitt opphav og alder Arkivert 2005-03-08 ved Wayback Machine.