(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Sayyidah Zaynab – Wikipedia Hopp til innhald

Sayyidah Zaynab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sayyidah Zaynab
السيدة زينب
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq
Distrikt Markaz Rif Dimashq
Nahiyah Babbila
Koordinatar 33°26′50″N 36°20′10″E / 33.44722°N 36.33611°E / 33.44722; 36.33611
Folketal 136 427  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Sayyidah Zaynab
33°26′50″N 36°20′10″E / 33.44722222°N 36.33611111°E / 33.44722222; 36.33611111
Kart som viser Sayyidah Zaynab.
Kart som viser Sayyidah Zaynab.
Kart som viser Sayyidah Zaynab.

Sayyidah Zaynab (arabisk السيدة زينب, tyder Frua Zaynab) ofte kalla Set Zaynab, er ein by i Syria i Rif Dimashq guvernement. Med eit folketal på 136 427 (2004), Sayyidah Zaynab er han den 10. største byen i Syria og den største forstaden kring hovudstaden Damaskus. Han ligg berre 10 km sør for den syriske hovudtaden. Administrativt ligg byen i Markaz Rif Dimashq og høyrer til Babbila nahiyah («underdistrikt»).[2] Kommunen Sayyidah Zaynab er framleis rekna som eit landleg samfunn i guvernementet Rif Dimashq.[3]

Namnet på byen kjem frå heilagdomen der grava til Zaynab, dottera til ‘Alī og Fātimah og barnebarnet til Muhammed, ligg. Sjiamuslimar trur at Sayyidah Zaynab-moskéen er den autentiske gravstaden til Zaynab, medan moskéen i Kairo med same namn høyrer til Zaynab bint Yahya bint Zayd bint ‘Alī Zayn al-‘Ābidīn (t.d. oldebarnet til imamen).[4]

Religiøs tyding

[endre | endre wikiteksten]

Sayyidah Zaynab er ein av dei viktigaste pilegrimsstadane innan sjiaislam. I 1980-åra, under og etter Den iransk-irakiske krigen, auka talet på vitjande kraftig og nådde ein topp i 1990-åra då Sayyidah Zaynab-moskéen stod ferdig. Den vesle byen vart omvendt til eit stort pilegrimmssenter for sjiamuslimane. I dag (fram til borgarkrigen) vitjar kring 1 million turistar byen kvart år.

I dag er det 33 offentlege skular og mange religiøse institusjonar i byen.

Nyare historie

[endre | endre wikiteksten]

Den 27. september 2008 gjekk det av ei bilbombe i krysset som fører opp til moskéen, og tok livet av 17 menneske, medan 17 andre vart skadde.[5]

Den 14. juni 2012 vart byen igjen åstad for eit sjølvmordsåtak då ei bilbombe førte til at 14 menneske vart hardt skadde.[6]

Sidan midten av sommaren 2012 har byen vore under åtak frå væpna militante sunnimuslimar frå nabobyane. Mange sjiamuslimar og pro-statlege familiar vart drivne ut av heimane sine sør i Damaskus og søkte tilflukt i Sayyidah Zaynab. Bombeåtak vart meir vanleg i denne hovudsakleg sjiamuslimske byen. I januar 2013 landa ei bombe på Sayyidah Zaynab-moskéen og føte til noko skade på ein av minaretane.