(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Seto leelo – Wikipedia Hopp til innhald

Seto leelo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinnekor 2016.

Seto leelo er ein songtradisjon som blir boren av den finsk-ugriske folkegruppa setuane. Songforma leelo er polyfon.[1] Songen blir innleia av ein forsongar, som regel ei kvinne. Deretter blir strofa til forsongaren fleirstemt av ei større gruppe songarar, som vanlegvis også består av kvinner.[2]

Tradisjonen er særleg sterk sør-aust i Setumaa i Estland og i det tilgrensande Petsjory-distriktet i Russland. I 2009 blei seto leelo ført opp på UNESCO si liste over viktig immateriell kulturarv.[2]

Språket til setuane, setukesisk, kan bli forstått av estarar også ellers i landet. Setuane sjølv omtaler setukesisk som språk, medan andre kallar det for målføre.[3]

  1. «Seto laulupärimus». laul.setomaa.ee. Henta 28. april 2024. 
  2. 2,0 2,1 «UNESCO - Seto Leelo, Seto polyphonic singing tradition». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 28. april 2024. 
  3. «The case of Estonia». www.nb.no. s. 40. Henta 28. april 2024.