(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Shemlan – Wikipedia Hopp til innhald

Shemlan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shemlan
شملان, Chemlane
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Aley distrikt
Koordinatar 33°47′N 35°35′E / 33.783°N 35.583°E / 33.783; 35.583
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Shemlan
33°47′00″N 35°33′09″E / 33.783333333333°N 35.5525°E / 33.783333333333; 35.5525
Kart som viser Shemlan.
Kart som viser Shemlan.
Kart som viser Shemlan.
Wikimedia Commons: Shemlan

Shemlan (òg skrive Chemlane og Shimlan) er ein landsby i Aley distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon, kring 25 km frå Beirut.

Shemlan er først nemnt i historiebøker så tidleg som på 1100-talet. Shemlan var ein del av landområdet som høyrte til familien Shehab. På 1800-talet vart landområdet donert til Antonine-munkane.

Den strategiske plasseringa til Shemlan med utsyn over Beirut internasjonale lufthamn og innbyggjarar frå mange politiske sider, gjorde Shemlan til ei slagmark under borgarkrigen i 1958 og den israelske invasjonen av Libanon.

I 1947 opna britiske styresmakter Midtaustensenteret for arabiske studiar i Shemlan. Denne skulen fekk rykte på seg for å vere ein «spion skule» fordi mange av elevane arbeidde for C.I.A. eller det britiske utanriksdepartementet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]