Siciliasundet
Utsjånad
Siciliasundet | |||
sund | |||
Land | Italia, Tunisia | ||
---|---|---|---|
Del av | Sea of Sicily | ||
Siciliasundet 37°12′N 11°12′E / 37.2°N 11.2°E | |||
Wikimedia Commons: Strait of Sicily |
Siciliasundet (italiensk Canale di Sicilia eller Stretto di Sicilia, arabisk Cap Bon-kanalen eller Kelibia-kanalen) er sundet mellom Sicilia og Tunisia. Det er om lag 160 km breitt og skil Tyrrenhavet og det vestlege Middelhavet frå det austlege Middelhavet. Djupe havstraumar i sundet går frå aust til vest og straumane nær overflata går i motsett retning. Dette uvanlege straummønsteret er av interesse for oseanografar.
Øya Pantelleria ligg midt i sundet.
På arabisk vert sundet vanlegvis kalla Cap Bon-kanalen eller Kelibia-kanalen. Kelibia er regionen i Tunisia som grensar til sundet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Strait of Sicily» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2007.