Silje
Utsjånad
Silja og Silja er kvinnenamn som er kortformer av Cecilie/a. Dette namnet stammer frå det latinske Caecilia, hokjønnsforma av slektsnamnet Caecilius, som er danna av det latinske adjektivet caecus, 'blind'. Namna finst også med skrivemåtane Cilie og Cilia. Sissel er ei anna norsk kortform av Cecilie.
Silje har norsk namnedag den 22. november.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet Silje kom i bruk i Noreg ved byrjinga av 1960-talet, og var særleg mykje brukt for nyfødde i perioden 1980–2000. Kvart år i tida 1980-1999 var Silje eitt av dei ti mest gjevne jentenamna, og i 1983-87 og 1991 var det det mest populære. Bruken har sidan gått ned. I 2008 var det 14 928 norske kvinner som heitte Silje. 381 heitte Silja.
Namnet Silje er også noko brukt i Danmark.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Silje Nergaard (f. 1967), norsk songar
- Silje Stang (f. 1970), norsk programleiar
- Silje Schei Tveitdal (f. 1974), norsk miljøvernar
- Silje Jørgensen (f. 1975), norsk fotballspelar
- Silje Vige (f. 1977), norsk songar
- Silje Salomonsen (f. 1978), norsk skodespelar
- Silje Nes (f. 1980), norsk musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Silje» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2008.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Silje hjå Statistisk Sentralbyrå
- SSB: 10 mest brukte navn 1880 - 2007