Silver Threads and Golden Needles
Utsjånad
«Silver Threads and Golden Needles» er ein song skriven av Dick Reynolds og Jack Rhodes.[1] Han vart først spelt inn av Wanda Jackson i 1956. Originalteksten, som framført av Jackson, inneheld eit vers som vanlegvis ikkje er med på seinare versjonar.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Silver Threads and Golden Needles Singel av Linda Ronstadt frå albumet Hand Sown ... Home Grown (1969) Don't Cry Now (1974) | ||
B-side |
Don't Cry For Me Now | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1974 (Asylum) | |
Innspelt | 3. oktober 1968 (Capitol-versjonen) Juni 1973 (singel) | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:21 (1969) 2:28 (1974) | |
Selskap | Asylum 11032 | |
Låtskrivar(ar) | Jack Rhodes og Dick Reynolds | |
Produsent | Chip Douglas (1968) J.D. Souther (1973) | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
«Love Has No Pride» (1973) |
Silver Threads and Golden Needles | «Desperado» (1974)
|
- Den britiske folk-popgruppa The Springfields hadde ein hit med songen i 1962 som nådde 20. plassen på Billboard-lista.[2] Dette var den første singelen av ei britisk gruppe som nådde topp 20 på den amerikanske Billboard-lista.
- Skeeter Davis spelte inn ein versjon i 1962 etter Springfields-hitten for eit album. Davis-versjonen kom ut på singel på RCA i fleire land
- Hawkshaw Hawkins spelte inn ein versjon i 1963 for albumet The All New Hawkshaw Hawkins.
- Ein versjon spelt inn av The Everly Brothers kom ut i 1963 på albumet The Everly Brothers Sing Great Country Hits.
- Rose Maddox, Capitol 1964
- Jody Miller gav ut ein versjon i 1965 som nådde 54. plassen på Billboard Hot 100.
- Johnny Rivers gav ut eit konsertopptak i 1965 på albumet Meanwhile Back at the Whisky à Go Go.
- Pozo-Seco Singers (med Don Williams) gav ut ein versjon i 1966.
- Hong Kong-artisten Nancy Sit spelte inn songen i 1967.
- Ei innspeling tidleg i 1960-åra av Janis Joplin finst på samlealbumet Janis frå 1975.
- The Cowsills spelte inn songen på studioalbumet IIxII. Singelen nådde 77. plassen på Billboard-lista i september 1969.
- Honey Ltd. gav ut songen på singel i 1969.
- Grateful Dead framførte songen fleire gonger på konsertane sine mellom 1966 og 1970 med Bob Weir på solovokal og Phil Lesh på harmoni.
- Linda Ronstadt spelte inn og gav ut to versjonar av songen. Den første kom ut på debutalbumet hennar som soloartist i 1969, Hand Sown ... Home Grown. Den andre vart ein countrypophit på albumet Don't Cry Now i 1973. Den andre versjonen vart gjeven ut på singel og nådde topp 20 på den amerikanske countrylista same året.
- Den engelske folkrocksongaren Sandy Denny spelte inn songen i 1977 på albumet hennar Rendezvous og med bandet sitt Fotheringay. Denne versjonen vart spelt inn i 1970, men vart ikkje fullført og gjeven ut før i 2008. Denny laga ein omarbeidd versjon i 3/4-takt.
- Den amerikanske countrysongaren Crystal Gayle spelte inn songen i 1993 på albumet hennar Best Always.
- I 1993 spelte country-trioen Dolly Parton, Tammy Wynette og Loretta Lynn inn songen i lag på albumet Honky Tonk Angels. Songen kom ut på singel med musikkvideo. Han nådde 68. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista.[3] Parton hadde tidlegare framført songen fleire gonger på scenen, og mellom anna på varitéshowet hennar Dolly! i 1976-1977, der ho hadde med seg gjesteartistane Linda Ronstadt og Emmylou Harris.
- Grace Under Pressure spelte inn songen på albumet Three Sheets To The Wind i 1994 på Canal Records.
- I 2012 spelte The Seekers inn songen i høve 50-årsjubileumsalbumet deira.
- Debbie Rule spelte inn songen på albumet hennar Texas Girls (2015).
Norsk versjon
[endre | endre wikiteksten]Ottar «Big Hand» Johansen skreiv ein norsk tekst til songen kalla «Tomme ord og fagre løfter», spelt inn av Lillian Askeland i 1979 for albumet Stalltips.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Silver Threads and Golden Needles» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://www.songfacts.com/facts/the-springfields/silver-threads-and-golden-needles
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 592.
- ↑ Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 255. ISBN 978-0-89820-203-8.
Kategoriar:
- Songar frå 1956
- Singlar frå 1962
- Singlar frå 1965
- Singlar frå 1969
- Singlar frå 1974
- Singlar frå 1993
- Capitol Records-singlar
- RCA Records-singlar
- MGM Records-singlar
- Asylum Records-singlar
- Wanda Jackson-songar
- The Springfields-songar
- Maybelle Carter-songar
- Skeeter Davis-songar
- The Lettermen-songar
- The Everly Brothers-songar
- Johnny Rivers-songar
- Jody Miller-songar
- Linda Ronstadt-songar
- Cowsills-songar
- Pat Boone-songar
- Jean Shepard-songar
- Janis Joplin-songar
- Sandy Denny-songar
- Lynn Anderson-songar
- Dolly Parton-songar
- Loretta Lynn-songar
- Tammy Wynette-songar
- Brenda Lee-songar
- Crystal Gayle-songar
- We Five-songar
- Heidi Hauge-songar
- Grateful Dead-songar
- Fotheringay-songar
- Charlie McCoy-songar
- Songar skrivne av Jack Rhodes
- Musikkvideoar regisserte av Deaton-Flanigen Productions