(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Slimsoppar – Wikipedia Hopp til innhald

Slimsoppar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Slimsopp)
Slimsoppen trollsmør (Fuligo septica)

Slimsoppar er ei gruppe einsella eukaryotar som vert klassifiserte som protistar. Dei kan gå saman i store grupper og kan då syna ein type intelligent åtferd på gruppenivå. Utrøyningar syner at grupper av slimsoppen Physarum polycephalum er i stand til å finna den kortaste vegen mellom ulike matkjelder, og kan på eit vis hugsa kvar dei har vore på leit tidlegare; mogelegvis gjennom slim som dei lèt att etter seg. Ei slik gruppe kan òg velja den matkjelda med det beste høvetalet mellom protein og karbohydrat når det er fleire slike kjelder å velja mellom.[1]

Slimsoppar vart tidlegare klassifiserte som soppar, men skil seg sterkt frå desse på fleire punkt.[2]

  1. How Brainless Slime Molds Redefine Intelligence - Ferris Jabr/Scientific American
  2. «slimsopper» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. oktober 2016.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]