(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Sporaneset – Wikipedia Hopp til innhald

Sporaneset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sporaneset
stad
Land  Noreg
Kart
Sporaneset
59°42′33″N 8°01′23″E / 59.7092174796°N 8.0230650408°E / 59.7092174796; 8.0230650408
Wikimedia Commons: Sporaneset

Sporaneset er eit helleristingsfeltRauland i Vinje kommune, på eit steinete nes ved Totak på veg mellom kyrkja og bygdesenteret. Helleristingane består av menneskefotspor (der stadsnamnet kjem frå), dyrfigurar, eit skip, eit solkors og to gjerde. Dyr avbilda i helleristingane liknar på elg og rein, noko som er ikkje vanleg for helleristingsmotiv etter den eldre steinalderen, medan sume figurar på Sporaneset er typiske for bronsealderen. Sjølv om bruk av fotspormotiva i helleristingane finn ein mange stadar i Norden og nordre Russland, har Sporaneset uvanleg mange spor på same plass (ca. 20 stykk).