Steven Davis
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Steven Davis | ||
Fødd | 1. januar 1985 | ||
Fødestad | Ballymena | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Rangers | ||
Nummer | 8 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2003-07 2007-08 2008 2008- |
Aston Villa Fulham Rangers (lån) Rangers |
91 (5) 22 (0) 12 (0) 70 (9) | |
Landslag | |||
2005- |
Nord-Irland U21 Nord-Irland |
3 (0) 41 (2) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 14. august 2010 |
Steven Davis (fødd 1. januar 1978 i Ballymena i Antrim) er ein nordirsk fotballspelar som har spela på midtbanen for Rangers i skotsk Premier League, og for det nordirske fotballandslaget.
Davis debuterte som profesjonell fotballspelarar hjå Aston Villa i engelsk Premier League, der han spelte den første kampen sin i september 2004. Han gjekk til Fulham sommaren 2007, og vidare på lån til Rangers i Skottland i januar 2008. Overgangen til Rangers vart permanent sommaren 2008, for ein overgangssum på 3 millionar pund. Han har vorte seriemeister i Skottland med Rangers to gonger, i 2009 og 2010, og vart kåra til årets spelar i Skottland i 2010.
Davis debuterte for Nord-Irland sitt A-landslag 9. februar 2005 i ein privatlandskamp mot Canada. Han skåra det første landslagsmålet sitt 8. oktober 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot Wales. 21. mai 2006 vart han Nord-Irland sin yngste landslagskaptein i nyare tid, i ein kamp mot Uruguay.