Storkyro
63°0′44.845″N 22°19′50.671″E / 63.01245694°N 22.33074194°E
Storkyro | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Region | Österbotten | ||
Distrikt | Västra Finlands län | ||
Areal | 357,63 km² | ||
Folketal | 4 991 | ||
Storkyro 63°00′00″N 22°19′00″E / 63°N 22.316666666667°E | |||
Kart som viser Storkyro.
| |||
Wikimedia Commons: Isokyrö |
Storkyro (finsk Isokyrö) er ein kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har cirka 5 000 innbyggjarar og eit areal på 357,63 km² der 2,92 km² er vatn. Storkyro er ein finskspråkleg kommune som grensar til kommunane Ilmajoki, Laihela, Lillkyro, Vörå-Maxmo, Kauhava og Seinäjoki.
Tettstaden Storkyro ligg ved Kyro älv (finsk Kyrönjoki). Ved Napo (finsk Napue) rundt 2 km oppover elva frå tettstaden stod eit avgjerande slag under den store nordiske krigen i 1714. Den svenske generalen Carl Gustaf Armfeldt leid her eit knusande nederlag overfor dei russiske styrkane, og Finland vart etter dette under russisk kontroll fram til freden i Nystad i 1721. I 1920 vart det reist eit minnesmerke over slaget i Napo.
Storkyro Gamla kyrka er kjend for veggmåleria sine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Storkyro» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Napo i Uppslagsverket Finland Arkivert 2009-05-02 ved Wayback Machine.