Subtropisk klima
Utsjånad
Subtropisk klima har ein lang og varm sommar, der middeltemperaturen for varmaste månad er over 20 ºC. Vinteren er mild og kortvarig, men frost kan finnast. Middeltemperatur for kaldaste månaden over 10 ºC. Døme på område med subtropisk klima er austkysten av USA, frå sørlege New Jersey ned til Florida, og dessutan sørlege Kina frå Shanghai og nedover kysten.
Med subtropisk klimasone meinast dei to klimabelta som grovt sagt ligg mellom 35 og 40 grader og vendesirklane på 23 grader breidde.