Sylfest Lomheim
Sylfest Lomheim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. mars 1945 (79 år) Hafslo |
Yrke | lingvist, politikar, filolog |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Partnar | Lily Bandehy |
Sylfest Lomheim på Commons |
Sylfest Lomheim (fødd 11. mars 1945) er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010[1] var han direktør for Språkrådet.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike. Lomheim var mellom 2004 og 2010 direktør i Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg.
Sylfest Lomheim er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1971 – Stortingsspørsmålet 1961-1968 : en analyse av politisk kansellispråk (Oslo)
- 1979 – Spørsmål til spørjetimen i Stortinget : ein språkleg analyse av form og funksjon (Kristiansand: Agder distriktshøgskole). ISBN 82-7117-103-8 I fulltekst ved nb.no
- 1984 – Metaforanalyse og metaforomsetjing (Kristiansand)
- 1987 – Rotgnagar-PM (Oslo: NRK, personalopplæringa) I fulltekst ved nb.no
- 1988 – Kva er språk? : kort innføring i teori og terminologi (Kristiansand: Agder distriktshøgskole). ISBN 82-7117-207-7 I fulltekst ved nb.no
- 1989 – Omsetjingsteori : ei elementær innføring (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 8200027368 I fulltekst ved nb.no
- 1994 – Nynorsk i NRK frå A til Å (Oslo: NRK) I fulltekst ved nb.no
- 2000 – Skrifta på skjermen : korleis skjer teksting av fjernsynsfilm? (Kristiansand: Høyskoleforlaget). ISBN 82-7634-266-3 I fulltekst ved nb.no
- 2001 – NTB utanriks : kunsten å gjenfortelja? (Kristiansand: Høgskolen i Agder, Avdeling for humanistiske fag). ISBN 82-7117-436-3
- 2003 – Språkteigen (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-6065-4
- 2004 – Ord om ord : frå Amerika til Åmot (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-6432-3
- 2007 – Språkreisa : norsk gjennom to tusen år (Oslo: Damm). ISBN 978-82-04-11117-3
- 2011 – Tale er gull (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-6649-1
- 2019 – Andre Samuels bok : roman (Oslo: Kolofon forlag). ISBN 978-82-300-1962-7
Omsetjingar
- Ousmane, Sembène: Når røter losnar : to noveller frå Senegal ; frå fransk ved Sylfest Lomheim. - Oslo : Samlaget , 1979 - 161 sider - (Orion-bøkene ; 228). - Innhold: Véhi-Ciosane eller Nytt liv ; Pengetilvisinga. - Originaltitler: Véhi-Ciosane ou Blanche Genèse ; Le mandat ISBN 82-521-0926-8
- Illich, Ivan: Teknologi for jamvektssamfunnet ; omsett av Svein Erik Loraas og Sylfest Lomheim. - Oslo : Pax , 1977 - 149 sider - (Pax-bøkene) ; - Originaltittel: Tools for conviviality ISBN 82-530-0869-4
Medforfattar
- 1997 – Cross-cultural communication : a case study of cooperation between members of staff at Institute of Development Management, Tanzania, and Agder College, Norway (Kristiansand: Agder universitet). ISBN 82-7117-350-2 [Av Emmanuel Matiku og Sylfest Lomheim ; research assistant : Letisia Warioba]
- 2001 – Sjønna på Elbursfjell : Alexander Seippel - livet og livsverket (Kristiansand: Høyskoleforlaget). ISBN 82-7634-339-2 [Av Aasulv Lande, Sylfest Lomheim og Gunnar Stubseid]
- 2005 – Quizleis : 1001 spørsmål og svar om språk (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-6631-8 [Av Per Egil Hegge, Sylfest Lomheim, Helene Uri]
- 2013 – Adam og Eros : ord og uttrykk i bibel og mytologi (Oslo: Dreyer). ISBN 978-82-8265-066-3 [Av Sylfest Lomheim og Terje Nordby]
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-521-7151-8 [Av innhaldet: Pilastein / Sylfest Lomheim, s. 170-177]
- 2008 – Juleglimt (Førde: Selja). ISBN 978-82-91722-97-9 [Av innhaldet: Lys i stillegrender / Sylfest Lomheim, s. 82-87]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sylfest. Punktum.» - Språknytt 3/2010. Henta 5. juni 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sylfest Lomheim direktør ved nytt kompetansesenter for norsk språk (Pressemelding 21.08.2003)