Tambopata
Tambopata | |||
elv | |||
Land | Peru, Bolivia | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | San Rafael, Puerto Maldonado | ||
Sideelvar | Mosojhuaico og Carama | ||
Lengd | 402 km | ||
Kjelde | Andes | ||
• høgd | 3 960 moh. | ||
Munning | Madre de Dios | ||
• høgd | 180 moh. | ||
Tambopata 12°35′50″S 69°09′59″W / 12.597145°S 69.166507°W | |||
Wikimedia Commons: Tambopata River |
Tambopata er ei elv som høyrer til Amazonasbassenget, og er ei bielv til Madre de Dios. Ho renn gjennom regionen Madre de Dios, og Puno-regionen i Peru. I tillegg er ho grenseelv mot Bolivia gjennom ei kort strekning. Ho har ei total lengd på 402 km.
Elva vert fødd i dei snøkvite åsane som dominerer det peruansk-bolivianske Altiplano, i høgd over 3900 moh. Gjennom første nedstiginga mot låglandet i Amazonas dannar ho stryk og fossar i djupe dalar.
Under 3000 moh går ho gjennom jungel i eit økosystem som har nesten permanent skydekke, kjent som tåkeskog eller 'yungas'. Når ho når fram til låglandet, under 500 m i Amazonasbassenget vert Tambopata ei roleg, brei og svingete elv gjennom jungelen i Amazonas. Ho Passerer byen San Rafael og tømmer seg i elva Madre de Dios ved regionhovudstaden Puerto Maldonado.
Tambopata kryssar naturreservatet Tambopata-Candamo og får tilførsel av vatn frå elvane Mosojhuaico og Carama.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Río Tambopata frå Spansk Wikipedia .