Termografi
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8e/Termografia_kot.jpg/220px-Termografia_kot.jpg)
Termografi er direkte eller indirekte avbilding av ein lekam eller eit område ved at varmestrålinga som blir sendt ut frå lekamen blir nedteikna slik at temperaturforholda framgår av biletet.
For undersøkingar av langbølgja infraraudstråling (over 1,5
Teknikken har, omfram i industrien, fått utstrakt bruksområde, òg i medisinsk samanheng, til dømes ved gransking av blodomlaupet i ekstremitetane og til undersøking av brystkreft.
Termografisk kopiering er ein fotografisk kopieringsmetode der varmestråling blir kasta tilbake frå mørke felt på ljos bakgrunn (bokstavar, strekteikningar) og blir fanga opp på spesielt kopieringspapir der det blir starta ein fotografisk prosess.
Nedteikning av kurvar som viser temperaturforløp, ved hjelp av sjølvregistrerande termometer, vert kalla termografar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Termografi: avbildning. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013 frå http://snl.no/termografi/avbildning.
- Termografi: kopiering. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013 frå http://snl.no/termografi/kopiering.
- Termografi: kurvar. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013 frå http://snl.no/termografi/kurvar.