Theodor Kallifatides
Theodor Kallifatides | |
Statsborgarskap | Hellas, Sverige |
Fødd | 12. mars 1938 (86 år) Molái |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, omsetjar, skribent, lyrikar, skodespelar |
Born | Markus Kallifatides |
Theodor Kallifatides på Commons |
Theodor Kallifatides (fødd 12. mars 1938) er ein svensk forfattar og kulturperson. Han skriv på svensk. I 2000 blei Kallifatides tildelt ærestittelen Professors namn av den svenske regjeringa. Kallifatides er fødd i landsbyen Molai på halvøya Peloponnes i Hellas. Etter artium i 1956 arbeidde Kallifatides som skodespelar og avtente verneplikta. Kallifatides kom til Sverige i 1964. Han fekk fyrst småjobbar, lærte svensk og studerte filosofi. Han blei Cand.mag. i 1967. Han arbeidde som fiosofilærar i vidaregåande skule i Täby åra 1967-1969 på universitetet i Stockholm 1969-1972. Kallifatides var ansvarleg redaktør for tidsskriftet Bonniers litterära magasin mellom 1972 og 1976.
Litterær verksemd
[endre | endre wikiteksten]Kallifatides debuterte som lyrikar, men han fekk sitt store gjennombrot med ein romantrilogi om livet i landsbyen Jalos under og etter den greske borgarkrigen. Fyrste del Bønder og herrer (1973) kom ut i norsk omsetjing i 1975.[1] I slutten av 1970-åra følgde fire romanar om kjærleik. Eit tema som forfattaren kjem attende til er situasjonen til innvandrarar i Sverige. Kallifatides har òg skrive kriminalromanar, historiske romanar, samt reiseskildringar og reportasjebøker. Bøkene hans er omset til gresk, engelsk og fransk.
Verkliste
[endre | endre wikiteksten]- Minnet i exil: dikter (1969)
- Utlänningar (1971)
- Tiden är inte oskyldig: dikter (1971)
- Bönder och herrar (1973)
- Plogen och svärdet (1975)
- Den sena hemkomsten. Skisser från Grekland (1976)
- Den grymma freden (1977)
- Kärleken (1978)
- Mitt Aten (saman med Henrik Tikkanen) (1978)
- En fallen ängel (1981)
- Brännvin och rosor (1983)
- Människor, skolböcker, minnen (1986)
- Lustarnas herre (1986)
- En lång dag i Athen (1989)
- Sidospår (1991)
- Vem var Gabriella Orlova? (1992)
- Cypern: en resa till den heliga ön (1992)
- Ett liv bland människor (1994)
- Svenska texter (1994)
- Det sista ljuset (1995)
- Afrodites tårar: om gamla gudar och eviga människor (1996)
- De sju timmarna i paradiset (1998)
- För en kvinnas röst: en kärleksdikt (1999)
- Ett enkelt brott: kriminalroman (2000)
- Ett nytt land utanför mitt fönster (2001)
- Den sjätte passageraren: kriminalroman (2002)
- En kvinna att älska (2003)
- I hennes blick: kriminalroman (2004)
- Herakles (2006)
- Mödrar och söner (2007)
- Slump: kollektiv roman (2008)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Litteraturfrämjandets stora romanpris 1982
- Årets europé i Sverige 1998
- Professors namn 2000
- Stina Aronsons pris 2002
- Siripriset 2007
- Signe Ekblad-Eldhs pris 2008
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008052200096 Kallifatides, Theodor. Bønder og herrer
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Litteraturens historia i Sverige, Olsson och Algulin, 2:a upplagan, Stockholm 1991, s. 567
- Det svenske Immigrantinstituttet sin presentasjon av Kallifatides Arkivert 2021-05-19 ved Wayback Machine., lese 2. januar 2011