(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Thomas George Montgomerie – Wikipedia Hopp til innhald

Thomas George Montgomerie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas George Montgomerie

Fødd23. april 1830
Ayrshire
Død31. januar 1878
Bath
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Yrkegeodet, ingeniør, oppdagar, geograf, militær
EktefelleJane Farrington
BarnEgidia Oswald Montgomerie, Beatrice Laura Montgomerie, Hastings Seton Montgomerie
MedlemRoyal Society

Thomas George Montgomerie (23. april 183031. januar 1878) var ein britisk landmålar som tok del i kartlegginga av India i 1850-åra.

Karakoram nummererte han dei mest markante toppane han såg og gav dei eit nummer med prefikset K (for «Karakoram»). Verdas nest høgste fjell, K2, er det einaste som framleis har det som opphavleg var tenkt som provisoriske namn. Til dømes har fjellet han gav nummeret K1 fått attende lokalbefolkninga sitt namn, Masherbrum. Sjølv om Montgomerie sine målingar var gjort med temmeleg enkle middel og til dels frå lang avstand, er høgdene han rekna seg fram til ganske overenstemmande med seinare målingar.

Etter å ha målt opp India fortsette han det same arbeidet i Tibet. Sidan Tibet ikkje var del av Det britiske imperiet og sperra for utlendingar, fekk han gjennomført arbeidet ved å utdanne indarar som kledde seg ut som tibetananar.