Tilt av Scott Walker
Tilt Studioalbum av Scott Walker | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. mai 1995 | |
Innspelt | RAK Recording Studios, Townhouse Studios | |
Sjanger | Kunstrock Avantgarde Eksperimentell | |
Lengd | 56:58 | |
Selskap | Fontana | |
Produsent | Scott Walker og Peter Walsh | |
Scott Walker-kronologi | ||
---|---|---|
Climate of Hunter (1984) |
Tilt | Pola X (1999)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
City Pages | (positiv)[2] |
Rolling Stone | [3] |
Tilt er det tolvte studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut den 8. mai 1995 og nådde 27. plassen[4] på UK albums chart. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet. Albumet var det første Walker gav ut på elleve år.
Walker skreiv songar for albumet mellom 1991 og 1992 utanom «Manhattan», som vart skriven i 1987, og den siste songen «Rosary», som vart skriven i 1993. Albumet vart spelt inn i RAK Recording Studios og Townhouse Studios i Storbritannia og var venta å kome ut så tidleg som i 1992[5] men var ikkje ferdig før 1995. Albumet var den første av ein «trilogi» som fortsette med The Drift (2006) og Bish Bosch (2012).[6]
Detaljar
[endre | endre wikiteksten]Songane på albumet har ei naken, aude gravferdsstemning. Tekstane er fulle av mystiske indikasjonar og vanskelege ordspel. Som det førre albumet til Walker, Climate of Hunter (1984), kombinerer Tilt element av industriell musikk med europeisk avant-garde og eksperimentell musikk.
Komposisjonane legg vekt på abstrakt atmosfærisk støy over harmoniske strukturar, med minimalistiske, lett disharmoniske «lydblokker» og transeliknande repetisjonar utført gjennom forsiktig nyansert instrumentering og forsiktige lydeffektar. Stemma til Walker gjev gjenklang i eit hult ekko og får ein stemningsskapande, fjern og ulukkeleg kvalitet, som ein kritikar omtalte som «Samuel Beckett på La Scala».
Opningssporet «Farmer in the City» har undertittelen «Remembering Pasolini». Eit par av tekstane er henta frå den engelske omsetjinga til Norman Macafee av Pier Paolo Pasolini-diktet «Uno dei Tanti Epiloghi» («Ein av mange epilogar»), som vart skriven i 1969 for venen og protesjeen til Pasolini, skodespelaren Ninetto Davoli. Gjennom songen syng Walker "Do I hear 21, 21, 21...? I'll give you 21, 21, 21...", som kan vere ein referanse til alderen til Davoli då han vart innkalla til (og deserterte frå) den italienske hæren.
Teksten til «The Cockfighter» inneheld «utdrag henta frå rettssaka til dronning Caroline og rettssaka til Adolf Eichmann». «Bolivia '95» er visstnok ein song om søramerikanske flyktningar.
I tillegg til kjernen av musikarar som speler vanlege rockeinstrument, medverkar òg strykarar frå Sinfonia of London og kyrkjeorgelet i Methodist Central Hall, som vart arrangert og dirigert av Brian Gascoigne.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av N. S. Engel (Scott Walker).
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Farmer in the City (Remembering Pasolini)» | 6:38 |
2. | «The Cockfighter» | 6:01 |
3. | «Bouncer See Bouncer...» | 8:50 |
4. | «Manhattan» | 6:05 |
5. | «Face on Breast» | 5:15 |
6. | «Bolivia '95» | 7:44 |
7. | «Patriot (a single)» | 8:28 |
8. | «Tilt» | 5:13 |
9. | «Rosary» | 2:41 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Musikarar
[endre | endre wikiteksten]- Scott Walker – vokal
- Ian Thomas – trommer
- John Giblin – bass
- Brian Gascoigne – klaverinstrument
- David Rhodes – gitarar
Andre musikarar
[endre | endre wikiteksten]- «Farmer in the City»
- Strykarar Sinfonia of London, arrangert og dirigert av Brian Gascoigne
- Elizabeth Kenny – chittaroni
- Roy Carter – obo
- «The Cockfighter»
- Hugh Burns – gitar
- Alasdair Malloy – perkusjon
- Louis Jardim – perkusjon
- Andrew Cronshaw – Blåseinstrument og treblåseinstrument
- Brian Gascoigne – Celeste og orgel frå Methodist Central Hall
- «Bouncer See Bouncer...»
- Jonathan Snowden – fløyter
- Andy Findon – bassfløyte
- Jim Gregory – bassfløyte
- Roy Jowitt – klarinett
- Roy Carter – obo
- Brian Gascoigne – Orkestrering
- Peter Walsh – Prog basstrommer
- «Manhattan»
- Alasdair Malloy – perkusjon
- Louis Jardim – perkusjon
- Brian Gascoigne – Orgelet frå Methodist Central Hall
- Andrew Cronshaw – Concertina
- «Face on Breast»
- Ian Thomas – «basstromme på fanget og trommer på ein gong»
- Colin Pulbrook – Hammondorgel
- Scott Walker og Peter Walsh – Plystring
- «Bolivia '95»
- Hugh Burns – gitarar
- Alasdair Malloy – perkusjon
- Louis Jardim – perkusjon
- Andrew Cronshaw – Ba-wu-fløyte
- Greg Knowles – Cimbalom
- «Patriot (a single)»
- «Rosary»
- Scott Walker – gitar
Promosinglar
[endre | endre wikiteksten]Det vart gjeve ut to promosinglar på CD for å marknadsføre Tilt på radio og plateforetningar. Desse inneheldt nedkorta versjonar av songane frå Tilt.
- Scott 1 (Fontana - EEFR 1)[7]
- «Patriot (a single)» (Edit) – 4:40
- «The Cockfighter» (Edit) – 4:07
- Scott 2 (Fontana - EEFR 2)[8]
- «Tilt» (Edit) – 4:38
- «Farmer in the City» (Edit) – 4:37
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste | Plassering |
---|---|
UK Albums Chart[4] | 27 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Scott Walker-intervju Arkivert 2009-08-08 ved Wayback Machine. - The Wire, mai 1995
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tilt (Scott Walker album)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ City Pages review
- ↑ Rolling Stone review[daud lenkje]
- ↑ 4,0 4,1 «Chart Stats - Scott Walker». chartstats.com. Arkivert frå originalen 10. april 2012. Henta 29. oktober 2013.
- ↑ Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 161. ISBN 0-85965-395-1.
- ↑ http://www.guardian.co.uk/music/2012/nov/23/scott-walker-interview
- ↑ «Scott 1 (CD, Single, Promo) at Discogs». Discogs. Henta 29. oktober 2013.
- ↑ «Scott 2 (CD, Single, Promo) at Discogs». Discogs. Henta 29. oktober 2013.