Toivo Hyytiäinen
Utsjånad
Toivo Hyytiäinen | |
Toivo Hyytiäinen og Per-Arne Berglund i 1951 | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 12. november 1925 Saarijärvi |
Død |
21. oktober 1978 (52 år) |
Yrke | spydkastar, friidrettsutøvar |
Toivo Hyytiäinen på Commons |
Toivo Armas Hyytiäinen (12. november 1925–21. oktober 1978) var ein finsk spydkastar. Han vart europameister i spydkast i 1950, og fekk bronsemedaljen i same øvinga under 1952-olympiaden på finsk heimebane i Helsingfors. Han var både fødd og døydde i Saarijärvi.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Hyytiäinen slo gjennom internasjonalt med EM-gull i 1950 i Brussel. To år etter fekk han olympisk bronse under OL 1952 i Helsingfors med eit kast på 71,89. Denne medaljen vart den einaste friidrettsmedaljen til Finland. Cy Young frå USA vart olympisk meister med eit bestekast på 73,78 m.
Hyytiäinens personlege rekord var på 78,98 m og vart oppnådd våren 1954 i Helsingfors.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1950 i Brussel: Gullmedalje – 71,26, framom Per-Arne Berglund frå Sverige (70,06 m)
- OL 1952 i Helsingfors: Bronsemedalje – 71,89 m
- EM 1954 i Bern: Nr 9 – 68,24 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Toivo Hyytiäinen» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Toivo Hyytiäinen» frå Wikipedia på finsk, den 21. august 2012.