(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Tonstad – Wikipedia Hopp til innhald

Tonstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tonstad
stad
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Sirdal
Areal 1,27 km²
Folketal 880  (2023)
Folketettleik 693 / km²
Postnummer 4440 TONSTAD
Preposisjon Tonstad
Ferdselsårer 42 468
Kart
Tonstad
58°39′45″N 6°43′00″E / 58.6625°N 6.7166666666667°E / 58.6625; 6.7166666666667
Wikimedia Commons: Tonstad

Tonstad er ein tettstad og administrasjonssenter i Sirdal kommune med 880 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg i den nordre enden av Sirdalsvatnet, om lag 57 kilometer nord for Flekkefjord og 55 kilometer nordaust for Egersund, om lag ein times køyring frå begge byane med bil

Administrasjonen til kraftselskapet Sira-Kvina kraftselskap ligg på Tonstad. Staden har småindustri, mellom anna sagbruk. Tonstad skisenter ligg 10 kilometer vest for tettstaden. Skiskyttaranlegget Feed er brukt av både skiskyttarar og langrennsløparar på Sirdal vgs.

Tonstad var mellom 1903 og 1960 del av den tidlegare kommunen Tonstad.

«Tonstad – tettsted» i Store norske leksikon, snl.no.