Tore André Flo
Utsjånad
Treng oppdatering |
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 15. juni 1973 (51 år) | ||
Fødestad | Flo | ||
Høgd | 193 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Sogndal | ||
Nummer | 24 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1993-94 1994-95 1996-97 1997-2000 2000-02 2002-03 2003-05 2005-06 2006-08 2008-09 2011- |
Sogndal Tromsø Brann Chelsea Rangers Sunderland Siena Vålerenga Leeds MK Dons Sogndal |
44 (21) 26 (18) 40 (28) 149 (50) 53 (29) 29 (4) 63 (13) 24 (4)[1] 23 (4) 13 (0) 4 (0)[1] | |
Landslag | |||
1995-2004 | Noreg | 76 (23) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. september 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 6. august 2011 |
Tore André Flo (fødd 15. juni 1973 i Stryn) er ein norsk fotballspelar. Han er mest kjend for prestasjonane sine då han spela på Brann, Chelsea og det norske landslaget.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Då han gjekk frå Chelsea til Rangers blei han den dyraste norske fotballspelaren til då med ein overgangssum på 161 millionar kroner. Han er bror til Jostein Flo og fetter av Håvard Flo.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Frå debuten 11. oktober 1995, i ein mållaus kamp mot England, til august 2004 spelte Flo 76 av Noregs landskampar i perioden. Han skåra 23 mål. Flo deltok i VM i fotball 1998 og EM i fotball 2000.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1998 med Chelsea FC
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1998 med Chelsea C
- Vinnar av FA-cupen: 2000 med Chelsea FC
- Skotsk cupmeister: 2002 med Rangers FC
- Skotsk ligacupvinnar: 2002 med Rangers FC
- Norsk serietoar: 1997 med SK Brann