(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Ulrich von Löwendahl – Wikipedia Hopp til innhald

Ulrich von Löwendahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrich von Löwendahl

Statsborgarskap Kongeriket Danmark, Kurfyrstedømet Sachsen, Det russiske imperiet, Kongedømet Frankrike
Fødd 6. april 1700
Hamburg
Død

27. mai 1755 (55 år)
Paris

Yrke politikar, militær
Språk fransk, tysk
Medlem av Det franske vitskapsakademiet
Far Waldemar Løvendal
Mor Dorothea von Brockdorff
Ektefelle Barbara Szembeck
Partnar Marie-Jeanne Brillant
Ulrich von Löwendahl på Commons

Ulrich Friedrich Woldemar Graf von Löwendal (1. april 170027. mai 1755) var ein feltherre og marskalk i Frankrike.

Löwendal tenestegjorde i hæren i 1713 under keisar Karl VI av Det tysk-romerske riket og kjempa i Polen. Som frivillig slutta han seinare til danske teneste, men kom i 1716 tilbake til keisaren. I slaget ved Peterwardein og omleiringane av Timisoara og Beograd utmerkte seg.

Löwendal gjekk seinare inn i teneste for Kong August II av Polen, der han vart utnemnd som feltmarskalk og generalinspektør for det saksiske infanteriet. I 1733 vart han sett til å organisere forsvaret av Krakow mot det opprørske Polen. I 1734 og 1735 kommanderte han dei saksiske troppane ved Rhinen.

Löwendal gjekk så inn i teneste for den russiske hæren og slo tyrkarane ved Chotyn i 1739, og frå 1741 til 1743 kjempa han mot Sverige i Finland.

Heretter gjekk han inn i kong Ludvig XV av Frankrike si teneste under den austerrikske arvefølgjekrigen. Han vart generalløytnant i 1743 og utmerkte seg i omleiringa av Menen, Ypres og Freiburg i 1744. 1745 kommanderte han reserverkorpset i slaget ved Fontenoi, og erobra så Gent, Oudenaarde, Ostend og Nieuport. Den 6. september 1747 tok han Bergen op Zoom, før han deltog i omleiringa av Maastricht.

Ulrich von Löwendal døydde den 27. mai 1755 i Paris.