Vicki Baum
Vicki Baum | |
Statsborgarskap | USA, Austerrike |
Fødd | 24. januar 1888 Wien |
Død |
29. august 1960 (72 år) |
Yrke | manusforfattar, skribent, journalist, harpist, musikar |
Språk | tysk |
Ektefelle | Max Prels, Richard Lert |
Vicki Baum på Commons |
Hedwig Baum (24. januar 1888–29. august 1960), kjend under namna Vicki Baum og Vicky Baum, var ein opphavleg austerriksk, seinare USA-amerikansk, forfattar og musikar. Bøkene til Baum dreidde seg blant anna om den emansiperte kvinneskikkelsen i Weimarrepublikken kjend som «Den nye kvinna» (Die Neue Frau). Filmen Grand Hotel frå 1932, med Greta Garbo i hovudrolla, blei laga over boka til Vicki Baum med same namn.
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Hedwig Baum blei fødd inn i en jødisk embetsmannsfamilie. Ho gjekk på lærarskule og studerte musikk ved konservatoriet til Gesellschaft der Musikfreunde i Wien. I perioden 1904 til 1910 var ho harpist ved det dåverande symfoniorkesteret i Gesellschaft der Musikfreunde.[1]
Baum gifta seg fyrste gong i 1906 med Max Prels. Etter skilsmissa flytta ho til Tyskland og spelte i orkester i Darmstadt. I 1916 gifta ho seg med dirigenten Richard Lert. Paret fekk to søner. Ho gav opp sin eigen musikkarriere for å følgje ektemannen på reisene hans. I 1926 budde ho i Berlin og arbeidde som redaktør for Ullstein-Verlag.[1]
Forfatterskap
[endre | endre wikiteksten]Gjennombrotet til Baum som forfattar var med Hotellet (Menschen im Hotel). Ho omarbeidde romanen til eit skodespel, og i 1930 blei stykket uroppført i Berlin i Max Reinhardt sitt Theater am Nollendorfplatz. Sidan oppnådde stykket også suksess på andre scener i Europa og dessutan på Broadway. Også andre av Baum sine bøker var bestseljarar og fleire av dei blei filmatiserte.
Heltinna i romanane til Baum var ofte ei såkalla «ny kvinne».[2] Det dreidde seg om ei sjølvmedviten, sjølvstendig og sjølvforsørgjande kvinne i Weimarrepublikken, slik som blant anna framstilt i debutromanen Stud. chem. Helene Willfüer.[1][2] Avslutninga av den fyrste verdskrigen og overgangen frå keisardømet til den demokratiske Weimarrepublikken, førte til endringar for mange kvinner. Dei overtok ei rekkje mannsyrke, fekk ta utdanning og planleggje familie. Hovudsakleg var det berre eit mindre tal, allereie privilegerte kvinner, dette gjaldt for.[2]
Omgrepet Den nye kvinna var fyrst og fremst eit borgarleg fenomen. Arketypen var ei kvinne som hadde kort frisyre, røykte sigarettar og gjekk i knelang kåpe. Men dette kvinne-førebiletet blei ikkje verdsett av den radikale kvinnerørsla, som såg på det som gammaldags.[2]
I 1932 flytta Baum og familien til USA. Ho arbeidde som forfattar av dreiebøker for Paramount Pictures, seinare for Metro-Goldwyn-Mayer (MGM), men fekk ingen stor suksess med dette.[1]
Omsetjingar til norsk
[endre | endre wikiteksten]- Hotellet, 1930; originaltittel: Menschen im Hotel.[3]
- Hotel Shanghai, 1947.
- Berlin hotel, 1948.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Museum, Stiftung Deutsches Historisches. «VickiBaum 1888-1960». www.dhm.de (på tysk). Arkivert frå originalen 2. mars 2019. Henta 1. mars 2019.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Museum, Stiftung Deutsches Historisches. «Die"Neue Frau"». www.dhm.de (på tysk). Henta 1. mars 2019.
- ↑ «Deichman- søk». sok.deichman.no. Arkivert frå originalen 6. mars 2019. Henta 2. mars 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Vicki Baum» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2024.