Waikato District
Waikato District | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Waikato | ||
Areal | 3 188,89 km² | ||
Folketal | 75 618 (6. mars 2018)[1] | ||
Waikato District 37°37′30″S 175°12′29″E / 37.625°S 175.208°E | |||
Wikimedia Commons: Waikato District |
Waikato District ligg i den nordlege delen av regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Distriktet er administrert av Waikato District Council, med sete i Ngaruawahia.
Distriktet ligg nord og vest for byen Hamilton, og omfattar mykje av den nordlege delen av slettelandskapet Waikato Plains, og også høgdedraga Hakarimata ved kysten. I den nordlege delen av distriktet ligg sumplandskapet inntil Waikatoelva, og fleire mindre innsjøar, den største av desse er Waikaresjøen.
Utanom Ngaruawahia er dei viktigaste sentera i distriktet Huntly, Raglan og Te Kauwhata. Hovudnæringsvegane i distriktet er mjølkeproduksjon, skogbruk og kolgruvedrift. Der er eit større kolfyrt kraftverk ved Huntly. Te Kauwhata ligg i sentrum av eit større vindistrikt.
Distriktet hadde eit folketal på 43 959 ved folketeljinga i 2006. Av desse budde 6834 i Huntly, 5106 i Ngaruawahia, 2637 i Raglan og 1294 i Te Kauwhata.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Waikato District» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Heimesida til distriktsstyret.
- Huntly Town Arkivert 2009-12-14 ved Wayback Machine.