Wudangshan
![](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7c/Wudangshan_pic_12.jpg/220px-Wudangshan_pic_12.jpg)
Wudangshan (kinesisk:
Fjella er kjent for sine mange taoistiske kloster. Nokre av dei var akademiske senter, andre stader praktiserte ein kampsport, eller meditasjon, tradisjonell kinesisk medisin, taoistiske jordbruksmetodar eller liknande. Under tang-dynastiet (618-907) vart den første gudstenestestaden, Fem drakar-tempelet, bygt.
Dei mange klostera i fjella vart tømt, skada eller øydelagde under kulturrevolusjonen. I 1994 vart dei oppførte på UNESCO si liste over verdsarven, og spelar ei rolle for turismen.
Palassa og templa i Wudangshan, som vart bygt som eit organisert kompleks under ming-dynastiet, har bygningar som går tilbake til 600-talet. Dei er noko av det ypperste i eldre kinesisk kunst og arkitektur.
Wudangklostra har ofte vore kulissar i kinesiske kampfilmar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wudangshan» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2011.