Djúpivogur er eit fiskevær på Aust-Island, i Múlaþing kommune, 412 innbyggarar (2024). Djúpivogur var på grunn av si gode hamn alt i hansatida ein viktig handelsplass på Aust-Island.
Ved Teigarhorn nord for sentrum ligg ein namngjeten zeolittførekomst med krystallar av særleg skolesitt som er erodert ut av basaltklippene. Teigarhorn er naturreservat, og det er forbode å forsyne seg av minerala.
Eit av Islands eldste pakkhus, Langabuð frå 1790, tener i dag som museum for bilethoggaren Ríkarður Jónssons arbeid.
Djúpivogur er den einaste byen på Island som er medlem av den internasjonale organisasjonen Cittaslow.
Utanfor Djúpivogur ligg den nå fråflytte øya Papey, kjend for sitt rike fugleliv med mellom anna lunde og ærfugl. Kyrkja frå 1807, ei av Islands minste, står framleis. Namnet fekk øya fordi det budde irske munkar der, av landnåmsmennene kalla 'papar'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.