Huai He er ei elv i Kina, og ei bielv til Chang Jiang. Elva er cirka 1000 kilometer lang, nedbørfeltet er 269 000 kvadratkilometer og vassføringa er 1972 kubikkmeter per sekund.
Huai He drenerer den sørlege delen av Den nordkinesiske sletta mellom Huang He-elva og Chang Jiang. Ho spring ut i Tongbai Shan-fjella i den sørlege delen av Henan, og renn austover gjennom provinsane Anhui og Jiangsu.
Huai He rann tidlegere rett ut i havet i aust. I samband med at den ustabile Huang He-elva lenger nord endra sitt laup, blei Huai He tvungen sørover gjennom Hongze Hu-innsjøen og Gaoyou Hu-innsjøen ned til Chang Jiang.
Elva har i tidlegere tider ført til store øydeleggjingar på grunn av flaum, særleg på den flate Huaisletta. Eit omfattande flaumsikringsarbeid er gjennomført etter 1950.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.