(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Teater Vestland – Store norske leksikon

Teater Vestland er eit regionteater i Vestland fylke. Framsyningar blir spelte på turné i heile fylket. Teateret er eigd av Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune og har staten som største tilskotssytar.

Teateret hadde i mange år hovudsete i Førdehuset i Førde. Hausten 2023 flytta teateret inn i nye lokale i Nynorskhuset i Førde sentrum saman med NRK Vestland og Firdaposten.

Kort historie

Teateret blei etablert som Sogn og Fjordane Teater i 1977 og var allmøtestyrt til 1980. Fram til fylkessamanslåinga ved overgangen til 2020 var det regionteater for Sogn og Fjordane med turnéplikt i same fylke. Teateret auka talet på spelestader betrakteleg då det tok i bruk teaterbåten Innvik, ei tidlegare ferje, til turneane sine i perioden 1982–2001.

I perioden 2001–2005 hadde teateret eit eige ungdomsteater.

Repertoar

Teater Vestland presenterer både eigne produksjonar, samproduksjonar og gjestespel. Teateret er eitt av tre norske teater som nyttar nynorsk som målform, og det samarbeider ofte med Det Vestnorske Teateret i same fylke. Årleg blir det sett opp ei rekkje produksjonar, frå historiespel som Kinnaspelet på øya Kinn i havet utanfor Flora, via ny norsk dramatikk, framsyningar med historier frå eigen region, klassikarar, europeisk samtidsdramatikk til barneteater og kabaret-teater, alt på vestnorske dialektar.

Teatersjefar

År Leiar
2021– Cecilie Grydeland Lundsholt
2016–2020 Bodil Kvamme
2004–2015 Terje Lyngstad
2000–2003 Mette Brantzeg
1991–1999 Emte Stag
1988–1990 Norvald Teigen
1980–1987 Anne Gullestad

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg