Ullensvang er ein kommune i Vestland fylke, i Hardanger, lengst søraust i fylket. Kommunen består av landet rundt botnen og på begge sider av Sørfjorden og den nordvestre delen av Folgefonnhalvøya, likeeins dei sørvestlege delane av Hardangervidda med Røldal og øvre delen av Suldalsvassdraget og fjelltraktene omkring.
Ullensvang vart oppretta som kommune i 1837, då under namnet Kinsarvik; kommunen skifta namn til Ullensvang i 1870. Ein mindre del av den vart overført til Vikøy (Vikør), no Kvam kommune, i 1882. Ullensvang kommune vart så i 1913 delt i tre kommunar: Ullensvang, Kinsarvik og Odda.
Kinsarvik med unntak av Kvanndal-området vart i 1964 saman med Eidfjord og Åsgrenda i Kvam slått saman med dåverande Ullensvang til ein ny kommune med namnet Ullensvang. Frå denne vart Eidfjord i 1977 skild ut att. Kommunen fekk sine noverande grenser i 2020, då Ullensvang, Odda og Jondal vart slått saman til den nye Ullensvang kommune. Dette var del av ei landsomfattande kommunereform.
Ullensvang har etter dette grense til Vinje i Telemark i søraust, kommunane Sauda og Suldal i Rogaland i sør, Etne i sørvest, Kvinnherad i vest, Kvam i Hardangerfjorden i nordvest, Voss herad og Ulvik i nord og Eidfjord i nordaust.
Kommentarar (1)
skreiv Geir Thorsnæs
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.