(Translated by https://www.hiragana.jp/)
Vopnafjörður – Store norske leksikon

Faktaboks

Vopnafjörður
Uttale
vˈå-
Vopnafjörður
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Vopnafjörður er ein fjord på Nordaust-Island. Inst i fjorden ligg tettstaden, fiskeværet og handelsplassen Vopnafjörður, som er senter i kommunen med same namn. Staden hadde 510 innbyggarar i 2024. Vopnafjörður kommune har 650 innbyggarar og eit areal på 1903 km2.

Vopnafjörður er kjent for urørt natur og gode lakseelver, mellom dei Hofsá, Selá og Vesturdalá.

Historie

Vopnafjörðurs historie går 1100 år attende, da norske vikingar busette seg her. I det attande og nittande hundreåret blei Vopnafjörður ei av Islands største hamner, og i dag er fiskeindustrien den største næringa i området. Bustarfell museum har århundregamle torv- og steinhus og fortel om landbruket frå 1800-talet og framover. I nærleiken av museet finst dei einaste spora etter pattedyr frå før istida på Island.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg