(Translated by https://www.hiragana.jp/)
aerosol – Store norske leksikon
Aerosoldispenser
Av /Shutterstock.

Aerosol er ørsmå partiklar eller dropar som held seg svevande i ein gass.

Faktaboks

Uttale
aerosˈol
Etymologi
av gresk aero-, ‘luft(boren)’ og latin solutio, ‘oppløysning, løysning’

Aerosol er viktig innanfor fleire fagområde:

  • I meteorologien viser aerosolar til faste partiklar, til dømes sot- eller saltpartiklar, eller væskedropar i atmosfæren.
  • I farmasien er aerosolar brukt om legemiddel som blir pusta inn i gassform eller som svært små partiklar.
  • I yrkeshygiene er aerosolar partiklar som kan pustast inn og gi helseskade.
  • I infeksjonsmedisin er aerosolar ein velkjend smitteveg. Smittestoff i aerosolar kan overførast mellom til dømes menneske.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg