(Translated by https://www.hiragana.jp/)
fjellova – Store norske leksikon
Fjelloven (bilde)
Fjelloven (bilde)

Fjellova er ei norsk lov som regulerer beite, seterdrift, jakt, fangst og fiske i statsallmenningane. Den gjeld ikkje for skogsdrift og hugstrettigheter. Statsallmenningane tilhøyrer staten, men retten til bruken ligg til dei nærmestliggende bygdene. Bruken er forvalta lokalt gjennom fjellstyrene. I dag har statsallmenningane stor betydning som grunnlag for næring og busetjing i mange lokalsamfunn. I tillegg er statsallmenningane svært viktige rekreasjonsområde for både lokalbefolkning og tilreisande gjennom allemannsretten.

Faktaboks

Fullt navn
lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane
Kortnavn
fjellova
Forkortelse
fjell
Også kjent som

Lov om utnytting av rettar og lunnende (herligheter) m.m. av 6. juni 1975

Trådt i kraft
01.01.1976, 01.04.1976
Lovdata-ID
NL/lov/1975-06-06-31

Innhaldet i lova

I kvar kommune der det er statsallmenning, skal det vera eit fjellstyre som administrerer bruken av han. Kapittel 3 i lova gjer nærare reglar om organiseringa av og arbeidsoppgåvane og samansettinga av fjellstyrane. Fjellstyrane i statsallmenningane i Sør-Noreg er organiserte i interesseorganisajonen Norges Fjellstyresamband.

Historikk

Den første fjellova kom i 1920, og ordninga med fjellstyrar for statsalmenningene i Sør-Noreg feira 100 år i 2020.

Heilt frå den tida jordbruket kom til Noreg, omkring 2800 år fvt., har jordbruksbefolkninga nytta dei tilgrensande naturområda i samband med gårdsdrifta. Allmenningsretten er derfor eldre enn den tidlegaste lovgivinga, og var naturleg nok tematisert i dei tidlegaste landskapslovene våre.

Retten til allmenningsbruk ligg til bygd eller grend som frå gammal tid har hatt slik rett. Om ei bygd eller grend har allmenningsrett og i kva utstrekking, må avgjerast konkret, der den historiske og bruksmessige utviklinga i området er av betydning. I Sør-Noreg gjennomgjekk særdomstolen Høyfjellskommisjonen rettsforholda mellom staten og private i mellom 1908 og 1953. Her vart dei aller fleste spørsmåla om eigedomsrett og allmenningsrett avklart.

Fjellova gjeld berre for statsallmenningar i Sør- og Midt-Noreg. Staten eig òg grunn i Nordland og Troms, men desse statseigedommane er ikkje omfatta av fjellova. Dette omfattar over 50 millionar dekar i Nordland og Troms. I Finnmark er utmarka eigd av Finnmarkseigedommen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Øyvind Ravna og Gunnar Eriksen, Allmenningsretten i Norge – Ulike regler for like arealer, Cappelen Damm Akademisk 2023

Kommentarer

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg