Laurbærfamilien er ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter. Familien er samansett av omtrent 2850 artar fordelt på omlag 45 slekter. Artane i familien er tropiske og subtropiske tre og buskar som inneheld eteriske oljer. Fleire av artane vert nytta som krydderplanter. Kanel, kamfer, laurbær og avokado høyrer inn under laurbærfamilien.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Lauraceae
- Beskriven av
- Jussieu
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.